Fra og med sommaren 2021 kan du som annonsør nå ut til dei besøkande på visitjotunheimen.no.
Kvifor annonsere på nettsida vår?
- Du når ut til ei spesifikk målgruppe, med interesse for tur, friluftsliv og unike opplevingar.
- Du får synlegheit på tvers av alle hovudsidene til visitjotunheimen.no, som omfattar alt frå servering, overnatting og handel, til informasjon om vêr og føre, nasjonalparkar og turbeskrivelsar.
- Bodskapen din når ut til kunder som er mottakelege for inspirasjon og planlegging.
Vi vil prioritere annonser som har verdi for våre gjestar på nettsida. Annonsane kan gjerne vere for eit produkt relevant for det vi tilbyr eller som er i tråd med våre verdiar. For eksempel turutstyr, abonnement på eit friluftsmagasin, arrangement i nærleiken, delingstenester osv. Moglegheitene er mange!
Annonsane vil vere synleg i ein "banner ad" i botnen på landingssida og omlag 50 undersider på visitjotunheimen.no. Det er plass til opptil 7 annonser som vil rullere, og difor vises like mange ganger over tid – dette ivaretas av ei algoritme.
I 2020 hadde visitjotunheimen.no totalt 453 700 visningar. Våre besøkande er jevnt fordelt på kjønn, og på alder har vi flest besøkande mellom 25 og 65 år, med ei overvekt på 25-34 år.
Ikkje nøl med å ta kontakt!
Vi vil ha ekstra gode prisar på annonsering det fyrste året.
Send ein e-post til post@visitjotunheimen.no, om dette er interressant for deg og di bedrift!