Puss kameralinsa og gjer deg klar til premiedryss i desember!

Visit Jotunheimen sin julekalender 2017


I heile desember kan du vinne fantastiske premiar i Visit Jotunheimen sin adventskalender på Facebook.

Her kan nemnast mellom anna sesongkort på ski, overnattingar på hytter og hotell i Jotunheimen, middag for to, gavekort i ulike butikkar i Lom, guida turar og mykje anna snacks.

Korleis vinna?
Kvar dag blir det annonsert ei ny kalenderluke på Facebook-sida Visit Jotunheimen. Oppgåva består av eit temaord. Det du skal gjere:

1: Legg ut eit bilete som passar til dagens tema, til dømes «julekos» under dagens luke. Merk! Det er viktig at biletet blir lagt som kommentar under hovudposten (dagens luke).

2: Engasjer venene dine: Det er opp til vener og kjente å hjelpe deg til å vinna. Det biletet som får flest reaksjonar/likes innan neste dag, vinn dagens premie. Dersom det er tett i tet, blir det trekt ut ein vinnar blant dei 3 mest populære. 

3: Kåring av vinnar skjer «dagen derpå», og vil bli annonsert her  – samstundes som ny kalenderluke blir lagt ut. 

Delta på Facebook: Visit Jotunheimen

Delta på Facebook: Visit Jotunheimen

Henting av premiar

I utgangspunktet lyt dei fysiske premiane hentast hjå bedriftane dei er leverte av, i Lom og Jotunheimen. 

Gavekort på mat, overnatting og opplevingar gir deg ei unik sjanse til å planlegge din draumetur til Lom og Jotunheimen i nærmaste framtid. 

Har du spørsmål til kalenderen eller treng hjelp turplanlegging, send ein epost til info@visitjotunheimen.no

Her er kalenderlukene for heile desember:

Her er kalenderlukene for heile desember:

Bli med på Visit Jotunheimen sin julekalender!

Bilete kan bli nytta til marknadsføring av Visit Jotunheimen

Ved å delta i adventskalenderen og laste opp bilete på Visit Jotunheimen si Facebookside, er du innforstått med at bileta kan bli gjenbrukt i Visit Jotunheimen sine kanalar, til dømes på Facebook og Instagram.