For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Fossheim steinsenter | Geologisk museum - utstilling - butikk

TypeMuseum

Bergsomsvegen 18, 2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forFossheim steinsenter | Geologisk museum - utstilling - butikk (Åpnes i et nytt vindu)

+47 92 83 63 14

  • Verdas eldste stein - Fossheim steinsenter - video
  • Gratistippen
  • Fossheim steinsenter, mineraler, Lom, Jotunheimen, geologi. Foto: Mari Wedum/Visit Jotunheimen
  • Lom stone center, Fossheim stone center, minerals, museum, lom national park village, jotunheimen, culture
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Fossheim steinsenter er eit geologisk museum og smykkegalleri, butikk og verkstad. Med landets største utval av mineral og smykkesteinar er det mykje både å sjå og kjøpe her.

Totalt har vi stilt ut norske mineral frå litt over 700 forekomster, meir enn 30 ulike smykkesteinar og 20 facetterte mineral. Her finn du dessutan verdast eldste stein - ein meteoritt som er 4600 millioner år gamal.

I Holo sel vi steinkunst av alle slag; innramma steinskiver, dekorasjonsstein og ljos-fontener. Vi har eit stort utval i fossil - minne frå ei verd som eingong var. I Tunnelen sel vi steinalderreiskaper (ja, dei er ekte!) og kopiar av våpen og reiskap frå vikingtida. Kanskje skal det vere ei mammut-tann eller eit sjakkbrett i stein?

Museet hjelper deg med informasjon om kor du kan finne Tulitten, Noregs nasjonalstein, og med informasjon og kunnskap om Geo-stigen i Leirdalen. Over heile steinsenteret fins det fire lekre leilegheiter med Loms lengste solgang mot vest.

Gratistippen:
Til glede for ungar i alle aldrar fyller vi i sesongen dagleg på spennande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis! Du finn gratistippen rett utanfor husveggen på steinsenteret.

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • faste utstillinger
  • galleri
  • geologi
  • håndverk
  • museumsbutikk
  • omvisning etter avtale
  • skulpturer
  • utstilling

Kart

Opningstider

* Utanom ordinære opningstider, ta kontakt på:
steinsenteretlom@gmail.com
+47 612 11 460

Sjå meir

Fossheim | Hotell, LomHistorisk overnatting i hjarta av Lom sentrum, eit perfekt utgangspunkt for turar i tre nasjonalparkar med gourmetmåltid servert i den trivlelege spisesal etter turen.

Fossheim hotell | Restaurant, LomFossheim hotell er kjent for sitt smakfulle kjøken og nyttar i størst mogleg grad råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. 

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

The Time Axis in Lom - JotunheimenTidsaksen | Geologisk vandring i Lom, LomTidsaksen er ei vandring gjennom Jordas historie  - midt i Lom nasjonalparklandsby. Turen tek omlag 30 minutter, og kvar meter du går dekkjer 4,6 millionar år.

Fossheim steinsenter | Gratistippen, LomPå utsida av Fossheim steinsenter kan ungar leite etter fine og spesielle steinar i "gratistippen". Her blir det i sesongen dagleg fylt på med spennande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis!

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no