For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Nyt førjulstida i lag med gode vener, familie og arbeidskameratar. Ta ei pause frå kvardagen og slapp av med god, tradisjonsrik julemat. Fossheim Hotell er eit familiedrive hotell midt i Nasjonalparklandsbyen Lom der vi er opptekne av å halde tradisjonar ved like. Vi er stolte av kulturarven vår, både når det kjem til byggjeskikk, interiør, historie og matlaging.
Julebordsbuffet og livemusikk
Julebordsbuffet kl 19.00-21.30.
Etter mat, kl. 21.30-02.00 blir det livemusikk med Svein Rune Damstuen, Thomas Bakke og Knut Erik Tessnes. Dei spelar coverlåter, og har eit breitt repertoar.
De kan og nyte rolegare omgjevnader framfor elden i peisestugu.
Meir informasjon finn de på fossheimhotel.no
Bestill bord ved å ringe oss på telefon 61 21 95 00 eller send e-post til resepsjon@fossheimhotel.no
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Voksen | NOK 805,00 billetter |
NB: prisene er veiledende.
Sesong (30 nov 2024) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 19:00 | - 00:00 |