For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Gjendebu turisthytte DNT

TypeTuristforeningshytte DNT

2686, Lom

Sjekk tilgjengelighet forGjendebu turisthytte DNT (Åpnes i et nytt vindu)

+47 47 61 15 33

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Gjendebu Turisthytte DNT er ei perle av ei turisthytte som ligg flott til i den innarste enden av Gjende i Jotunheimen- krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visste du at Gjendebu er over 150 år gamal, og den eldste turisthytta i DNT som er i drift? Hytta frå 1871 har vore utvida og ombygd mange gonger, og den har i dag moderne fasilitetar. Området kring Gjendebu inneheld eit vell av fiskevatn, brear og tindar.

Om sommaren kan du vandre langs merka løyper mellom andre hytter, gå toppturar med rå utsikt, eller bade og kose deg kring hytteveggen. Dagsturar til 2000-metarar er det mange av, men den enklaste er Svartdalspiggen. Knutsholstind og Semmeltind er også greie dagsturar som ikkje krev klatring, men likevel kan gje luftige opplevingar. Dessutan er turen mellom Gjendebu og Memurubu - via Bukkelægret - ein spektakulær vandretur. 

Sjå turtips her!

Rett utanfor døra på Gjendebu ventar milevis med merka løyper og spektakulære 2000-meterstoppar med fantastisk utsikt. Om vinteren kan du kome deg inn hit på ski - og oppleve Gjendealpane på topptur, eller vandre frå hytte til hytte langs merka løyper på fjellski.

Sjekk vinterprogrammet her! 

Når du overnattar på Gjendebu kan du bu på enkelt-, dobbelt,- eller familierom, i sovesal, lavvo, i sommarfjøset eller i telt. 
Bestill overnatting her! 

Hytta serverer lokal mat basert på lokale råvarer, lokale mattradisjoner eller mat levert frå lokale leverandørar. 
Frokost blir servert frå kl.07:30 til kl.09.30. Middag blir servert to gonger: Fyrste bordsetting er kl 18:30 og andre bordsetning kl 20.30. 

Korleis kjem du deg til Gjendebu?
Det er ikkje bilveg til Gjendebu, så hit kjem du deg anten til fots, med båt (om sommaren) eller på ski om vinteren (ca. 20km. over Gjende frå Gjendesheim Turisthytte DNT). 

Sommar: Om du ynskjer å starte eller avslutte turen på Gjendebu, kan du om sommaren ta Gjendebåten over Gjende frå/til Gjendesheim. (Hugs å bestille billett på førehand!) Derfra går det bussar til/frå Oslo, Fagernes, Gol og Otta. Desse korresponderer med tog og andre bussar. Det er òg mogleg å gå til Gjendebu langs vatnet Gjende, og evt. legge inn ei overnatting på Memurubu på vegen, innan du går via Bukkelægret til Gjendebu. 

Vinter: Om vinteren kan du anten gå på ski eller bestille transport med snøskuter (som buande gjest). 

Skitur over Gjende
Parkering ved Gjendesheim. Følg kvista løype over Gjende, ca 20 km. Dette er ein lettgått tur som går over Gjende langs merka løype. 
Sjå ruta på ut.no

Snøskutertransport
Om du er buande gjest på Gjendebu, er det om vinteren mogleg å bestille transport med snøskuter på faste dagar. 

Les meir om adkomst Gjendebu her! 

 

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Opningstider 2024:
Vintersesong: 14.mars til 1.april.
Sommarsesong 21.juni til 12.september.

Sjå meir

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

Turtips: Besseggen i Jotunheimen, VågåTuren over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Topptur på ski: Besseggen vintertur, VågåBESSEGGEN VINTERTUR PÅ SKI Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt? Kvart år går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl.

Topptur på ski: Rasletinden (2105 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL RASLETINDEN, 2105 m.o.h. Enkelt tilgjengeleg 2000-meterstopp frå Valdresflye.

Nasjonal turistveg Valdresflye (FV 51), VågåNasjonal turistveg Valdresflye, fylkesveg 51, går mellom Garli og Hindsæter med avstikkar til Gjende.

Memurubu | Turisthytte, LomTuristhytta Memurubu ligg langs Gjende i Jotunheimen, og er det mest brukte startpunktet for turar over fjellryggen Besseggen.

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Heimdalshøe (1843 moh.), LomFjelltoppen Heimdalshøe ligg 1843 moh. på Valdresflye, og er ein trygg og lett tilgjengeleg topptur heile vintersesongen. 

Turtips: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåFOTTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Ta ein fjelltur til den dominerande kjempen av eit fjell, som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Turtips: Fottur langs Gjende | På merka sti mellom Memurubu og Gjendesheim, LomTurtips: Vandre langs Gjende mellom turisthyttene Memurubu og Gjendesheim. Anten som alternativ til Besseggen, eller om du ynskjer å gå heile vegen.

Turtips: Bukkelægret | Fottur mellom Gjendebu og Memurubu, LomTurtips: Gå det spektakulære Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu!

Turtips: Surtningssue (2386 m.o.h.) frå Memurubu, VågåTurtips | Fottur til SURTNINGSSUE 2386 m.o.h: Godt merka topptur som byr på storslagen panoramautsikt til store delar av Jotunheimen. 

Fjellski i Jotunheimen | Langtur mellom Gjendesheim og Leirvassbu, VågåGira på ein lengre skitur til vinteren? Ta turen langs kvista løyper og høge fjell mellom turisthyttene Gjendesheim, Glitterheim, Spiterstulen og Leirvassbu.

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte, Vågå«Klassikaren i Jotunheimen» er ein 5-dagars fjellskitur i hjertet av Jotunheimen nasjonalpark. Ruta følger merka vinterløyper mellom betjente turisthytter. Hele ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierer i lengde fra 14 – 26 km.

Klassikaren i Jotunheimen | Fjellskitur frå hytte til hytte, VågåKlassikaren i Jotunheimen er ein rundtur på fjellski frå hytte til hytte i kremen av Jotunheimen. På denne turen får du oppleva det beste av Jotunheimen, både på ski gjennom fantastiske fjellområde, og komfortabel overnatting på betjente hytter med fullpensjon og god mat.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no