For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Klassikaren i Jotunheimen | Rundtur frå hytte til hytte

TypeTopptur vinter

Gjendevegen 200, 2683, Tessanden
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Gira på ein lengre fjellskitur til vinteren? Kva med å legge 3-5 dagar i høgfjellet? Bli med på «Klassikaren i Jotunheimen»  - ein tradisjonsrik rundtur på fjellski fra hytte til hytte

Beste utgangspunkt: Gjendesheim turisthytte
Antatt tidsbruk: 5 dagar (rundtur). Heile ruta er på totalt ca. 100 km, med dagsetapper som varierar i lengde frå 14 – 26 km.
Anbefalt skiutstyr: Fjelltelemark og fjellski.

Denne fleirdagarsturen i hjarta av Jotunheimen tek deg forbi mange av dei høgaste fjella i Norge, og innom trivelege turisthytter på vegen. Alle hyttene er betjente og alle rutene er kvista. Om du ikkje har fem dagar på deg, kan du gå delar av ruta. 

Ruta går mellom hyttene Gjendesheim Turisthytte DNT - Glitterheim Turisthytte - Spiterstulen - Leirvassbu og Gjendebu, med retur til Gjendesheim.

Dag 1: Gjendesheim - Glitterheim (1390 moh.) | 26 km. | Fyrste etappe er den desidert tøffaste på heile ruta, med 26 km og over 1000 høgdemeter i stigning. Denne dagen går vi gjennom klassisk høgfjellsterreng i Jotunheimen, fyrst opp til Russvatnet og vidare over Vestre Hestlægerhøe. Frå her ventar 400 høgdemeter med nedkjøring til Glitterheim. På Glitterheim ventar oss eit hyggjeleg vertskap og servering av nydeleg middag.

Dag 2: Glitterheim-Spiterstulen (1100 moh.) | ca 17 km | Denne dagen startar litt rolegare langs stikkaløypa innover Veodalen. Vi er omkransa av dei mektige Veotindane, Ryggjehøe og Leirhøe. Etter omlag 7km tek vi noko meir høgdemeter opp mot Skautflye, der vi får eit meir lettgått terreng og viddelandskap. Dersom forholda tillet det så går vi via brefronten på Veobrean for å nyte synet av blåisen. Dagens etappe avsluttast med 400 høgdemeter nedkjøring mot Spiterstulen, i tidvis bratt terreng. Her legg vi rutevalet etter kva som gjev den beste oppleving på fjellski. Vi går totalt 17 km denne dagen, og kan sjå fram til dusj, god mat og hyggje framfor peisen.

Dag 3: Spiterstulen - Leirvassbu (1400 moh.)  | ca. 15 km  | Turen går langs kvista vinterrute gjennom Visdalen. 
​​​Etter to litt harde etapper ventar det ein kortare og litt rolegare dag, med 14,5km. Denne dagen følgjer vi Visdalen innover mot Leirvassbu, omkransa av 2000-meters toppar i alle himmelretningar heile dagen. Denne dagen går i lett terreng, men slak stigning delar av dagen. Siste del mot Leirvassbu har vi moglegheit til å hente litt høgde for å nyte litt fjellskikjøring om gruppa ynskjer og forholda ligg til rette. Leirvassbu ligg omtrent midt i Jotunheimen, og her skal vi nyte utsikt til fantastiske fjell både frå spisesalen og peisestova.

Dag 4: Leirvassbu - Gjendebu | 19 km. | Turen går søraustover mot Gjende og Gjendebu. Vi kryssar Leirvatnet med utsikt mot majestetiske Kyrkja, og skal over passet ved Høgvaglen. Vi går totalt 19km denne dagen, men frå Høgvaglen går det slakt nedover i enkelt og fint skiterreng. Vi går langs Langvatnet og slepp oss ut den vakre Storådalen. Gjendebu ligg fantastisk til og vil by på ei storslått overnatting med god mat.

Dag 5: Gjendebu - Gjendesheim | ca 19 km | Siste dag skal vi tilbringe langs ikoniske Gjende. Vi går løypa over vatnet, og vil ha god tid til å nyte dei vakre omgjevnadane. Fyrst passerar vi Bukkelægret, og langs siste del vil vi gå innunder Besseggen og Besshøe. Vi går ca. 20 km denne dagen, men flat og enkel trasé. Siste dag er den enklaste, men med sliten kropp og mange opplevingar i bagasjen - så blir dette ein fin dag til å kunne tenkje gjennom og reflektere over dei fantastiske opplevingane undervegs. Framme ved Gjendesheim oppsummerar og avsluttar vi turen på ein god måte i gruppa. Nokre ynskjer kanskje ein roleg kveld med treretters middag og ei god seng for natta, medan andre ynskjer å reise heimatt.

Kjelde: Fyrst og Fremst

Sjå kart og les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/1112172823

Kombinere med topptur?
Om du går med randonné-utstyr og ynskjer å gå oppom dei høge toppane på vegen, kan du lese meir om Høgruta i Jotunheimen under. I boksane finn du òg  fleire turtips og meir informasjon om kvar av turisthyttene!

Kart

Veibeskrivelse

Opningstider

* Topptur-sesongen byrjar vanlegvis i mars/april og varar gjerne ut mai og kanskje eit stykkje ut i juni om snøforhalda held. Variasjonar frå år til år er naturleg.

Sjå meir

Leirvassbu | Turisthytte DNT, LomLeirvassbu fjellstue ligg idyllisk til ved Leirvatnet på 1400 meter over havet, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjellvandring, toppturar, breturar, brekurs, matkurs, vårskiløping, klatring og fisking i fjellvatna.

Gjendesheim turisthytte DNT, VågåGjendesheim er vakkert plassert ved de viktigste innfallsportene til den østlige delen av Jotunheimen, og eit naturleg startpunkt for turar over Besseggen.

The main building at Glitterheim during winterGlitterheim | Turisthytte i Jotunheimen, LomPå Glitterheim får du tradisjonsrik fjellkost i alle måltida. Det meste av maten er laga på Glitterheim av gamle oppskrifter og lokale råvarer.

Winter at Spiterstulen. Spiterstulen | Turisthytte, LomSpiterstulen turisthytte ligg 1111 m.o.h. ved foten av Galdhøpiggen, og Jotunheimen sine flottaste brear. Spiterstulen er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar både om sommaren og vinteren.

Høgruta i Jotunheimen | Haute Route NorgeHøgruta i Jotunheimen er Norge sitt svar på alpane sin klassiske skitur; Haute Route. Skituren går over brear og 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Mat og kvile på trivelege turisthytter.

Topptur på ski: Kyrkja (2032 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL KYRKJA, 2133 m.o.h. Snøklatring på bratt rygg, men med enkel skikøyring ned att!

Topptur på ski: Glittertinden (2452 m.o.h.), LomTopptur på ski til Norges nest høgste fjell gir formidabel utsikt over store delar av Jotunheimen, og er eit ypperleg skifjell.

Topptur på ski: Galdhøpiggen frå Leirvassbu - klassisk fjellskitur (2469 m.o.h.), LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ LEIRVASSBU 2469 m.o.h. Landets vakraste fjellskitur!

Topptur på ski: Besshøe (2258 m.o.h.), VågåTOPPTUR TIL BESSHØE 2258 m.o.h: Dominerande kjempe som ligg ved Gjende og ruvar over både Besseggen og Knutshøe.

Topptur på ski: Galdhøpiggen (2469 m.o.h.) - frå Spiterstulen, LomTOPPTUR TIL GALDHØPIGGEN FRÅ SPITERSTULEN: Ta med deg skia til Norges tak under vårskisesongen i Jotunheimen!

Gjendebu turisthytte DNT, LomGjendebu ligg flott til i den innerste enden av Gjende, midt i hjertet av Jotunheimen - krinsa av flust av 2000-meterstoppar som innbyr til råe fjellturar med mektig utsikt.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no