Guiding og turprogram

Frå mars til mai kan du delta på eit breitt utval aktivitetar rundt om i Jotunheimen. På programmet har vi alt frå enkle toppturar til den meir krevjande Høgruta, toppturpakker med overnatting og servering, Galdhøpiggen Randonee, samt ulike kurs og foredrag.

Overnatting

Jotunheimen og omegn byr på eit rikt utval av overnattings- og serveringsstader. Her kan du velge mellom alt frå hotell og hytter sentralt i Lom til fjellstuer kor du kan spenne på deg skia rett utafor døra. Kultur og tradisjonell mat har stort fokus i området, så her er det høve for gode opplevelser også etter skituren.

SKIUTLEIGE OG HANDEL

Lyst til å teste ein ny aktivitet i fjellet eller treng du ny turbekledning? Her finn du eit breitt sortiment av utstyr, både for sal og utleige.

INTERAKTIV KARTILLUSTRASJON

Finn din tur med hjelp av vår interaktive kartillustrasjon. Her får du oversikt over dei ulike overnattingsplassane i området og kor dei ligg i forhold til kvarandre. Husa, rutene og fjella i illustrasjonen er klikkbare og vil gje deg nyttig informasjon om både opningstider, prisar og turmoglegheitar.

TURBESKRIVINGAR

Ynskjer du å gå topptur på eiga hand? Her finn du detaljerte turbeskrivingar til nokre av dei mest populære toppane i Jotunheimen – som for eksempel Fanaråken, Galdhøpiggen, Glittertind, Storebjørn, Store Smørstabbtind og Loftet.

TRANSPORT

Usikker på korleis du kjem deg til Jotunheimen? Det enklaste på denne tida av året er å køyre sjølv, men du kan også ta tog og buss.

© Visit Jotunheimen 2017 | utvikla av Live Andrea Sulheim