For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Turtips: Søre Koppe (1403 moh.) frå Brimi sæter

TypeTopptur sommer

2686, Lom

+4761212990

  • Turtips Jotunheimen - Søre Koppe (1403 moh) frå Brimi sæter
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Søre Koppe (1403 moh.) er ein lettgått og variert tur i den austlege delen av Jotunheimen. Her er landskapet ope, terrenget lettgått og utsikta formidabel! 

Beste utgangspunkt: Brimi sæter (900 moh. ved Tesse).
Høgdeforskjell:  Ca. 500 høgdemeter
Lengde: Totalt 11 km. (tur-retur)
Antatt tidsbruk: 2-3 timar tur-retur 

Frå Brimi sæter går det godt merka sti til toppen Søre Koppe, som er ein barnevenleg tur på godt merka sti. Fyrste del av turen følger du stien nordvestover i flatt lettgått terreng i ca. 2 km. Terrenget er lett å gå i og det er lite stein. Etter kvart blir det noko brattare brattere opp mot Koppflye, omlag 200 høgdemeters stigning. Når du kjem opp til Koppflye, flatar det ut att i heiterreng. Noko myr og kjerr. 

Stien går fram til Kopptjønne, der du går deg rett på Steinbue, ei flott steinhytte som vart satt opp i 2004. Denne ligg lunt og fint til ved Kopptjønne, innunder fjellet Søre Koppe. Hytta er ope og kan nyttast til matpause og eventuelt overnatting. Ved Kopptjønne har ein del vadefuglar tilhald, og langs bredda er det mange idylliske partier med myrull. Området har dessutan ei mengd kulturhistoriske minne, som dyregraver og jakt- og fangstanlegg.

Når du går vidare frå hytta, følger du skilting skrått til venstre i retning eit lite skar som du ser lenger fram. Etterkvart dukkar det opp ei lita tjønn som du passerer på høgre eller venstre side opp til toppen. Frå her ser du tydeleg toppvarden framfor deg. Toppen byr på vakkert og vidt utsyn mot både Dovre, Ottadalen og Rondane.

Turen går deretter vidare mot søraust og følgjer fjellkammen mot punktet 1320 moh og vidare attende mot stigkrysset før nedstigninga til Fjellstugu. Litt luftig nokre stader langs fjellkammen. Fjellkammen er merka med raudt på steinane. 

Kjelde: Frank Ivar Hansen og Brimi turkart

Kart

Veibeskrivelse

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Med bil til Brimi sæter: Følg Fv. 51 frå Vågå og ta av til høgre merka mot Brimiland. 

Om du kjem med buss eller tog til Otta, ta buss eller bil frå Otta i retning Gjendesheim, eller fylkesveg 51 frå Sjoa i Gudbrandsalen til Randsverk og vidare i retning Vågå. Parker og start ved Brimi sæter eller Brimi Fjellstue.

Sjå meir

Brimi Sæter | Restaurant, LomBrimi sæter er kjend for sin "Skråppå-tå"-meny som blir servert på langbord på låven. Her kan du bli kjent med gardsdyra og historia, og få sjå korleis mjølka vert til ost.

Brimi Sæter | Gardsovernatting, LomPå Brimi sæter får du oppleve ekte seterliv og kulturhistorie, med glade gardsdyr og vakker natur. Du kan overnatte i gamle seterhus, briskar på låven eller lavvo på tunet.

Turtips: Kvitingskjølen 2064 og 2060 moh., LomKvitingskjølen er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp som egnar seg både til fots og på fjellski.

Brimi Sæter | Gardsbutikk, LomVelkomen til seterysteriet på Brimi sæter. Her kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge.

Turtips rundt Brimi sæter, LomHer er nokre gode turtips i området rundt Brimi sæter og vatna Lemonsjøen og Tesse!

Turtips: Såleggi 1540 moh. | frå Soleggen fjellstue, LomSåleggi ligg 1540 moh. - og er ein barnevenleg tur frå Soleggen fjellstue i Lom.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no