For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

KulTur | med Lom folkebibliotek

TypeByvandring/guiding

Bergomsvegen 29, 2686, Lom

+47 477 11 809

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Ta med deg smarttelefonen din på Kul tur med biblioteket  - og lær meir om kulturen og historia i Lom. Kul Tur er ei kulturhistoriske vandreløype i Lom sentrum.

Sentrumsvandringa består av 10 postar plassert godt synleg i sentrumskjerna. Løypa går frå biblioteket, over utleggsbrua, opp ved Nordal, over Bergje, bort til Lesekiosken (den gamle telefonkiosken ved bensinstasjonen Best) og ned til Bakeriet i Lom, kor du finn den siste posten.

For å få opp innhaldet i postane, treng du ein smarttelefon som kan lesa qr-koder. Trykk deg inn på linken og lær meir om kulturen, historia- og prøv deg på litt lomsdialekt!

Kul tur med biblioteket passar for store og små, for fastbuande og tilreisande. Av innhaldet kan nemnast forfattarane våre, Gamle Loar, det eldste friarbrevet i Noreg, husmannsjenta Jørgine Boomer som vart vertinne på Waldorf Astoria i New York City, Gjendine, vatning i Lom og eit lynkurs i lomver med ungar frå Lom. 

Prosjektet er i regi av Lom folkebibliotek, støtta av Nasjonalbiblioteket. Haus byrå i Skjåk står for den visuelle utforminga.

Kart

Sjå meir

Lom stavkyrkje, lom stavkirke, lom stavechurch, stavechurch, stavkirke, norge, norges kirkerLom stavkyrkje, LomLom stavkyrkje er ei av dei største og eldste stavkyrkjene i Norge, og vart oppført rundt 1158. Kyrkja er fortsatt hovudkyrkje i Lom.

Bergomsrunda | Vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby, LomBergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Utleggsbrua i Lom, LomDen gamle utleggsbrua i Lom er bygd som ei utleggsbru frå 1700-talet, og er ei vidareutvikling av dei eldste brukonstruksjonane vi kjenner – stokkar lagde over eit elvefar.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no