For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

"Frose i tid" | Brearkeologisk utstilling på Norsk fjellsenter

TypeBesøkssenter

Brubakken 2, 2686, Lom

+47 61 21 16 00

  • "Frose i tid" - Brearkeologisk utstilling på Norsk fjellsenter
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Norsk fjellsenter. Photo: Kristoffer Mæle Thuestad
  • Norsk fjellsenter i Lom, Jotunheimen
  • Norsk fjellsenter. Foto: Kristoffer Mæle Thuestad

Om

Visste du at over halvparten av alle arkeologiske funn på is i heile verda, er gjort høgt i fjella kring Lom? Nå kan du studere 100 av desse funna i utstillinga "Frose i tid" på Norsk fjellsenter i Lom.

Tenk. Ei 6000 år gammal pil, ei hestetruge, ein vott frå vikingtid, ein hund med halsband og verdas best bevarte forhistoriske skipar har alle hatt sine år i isen. 

Isen smelter i fjella. Fram kjem ting forfedrane våre gløymde eller mista på jakt og tur for fleire tusen år sidan. Dei siste 20 åra har arkeologar gjort unike funn i den norske fjellheimen- over halvparten av dei i Lom! 

Bli med på ei tidsreise, inn i eit univers av is, og sjå:
• 100 funn frå isen i fjella kring Lom.
• Verdas best bevarte forhistoriske skipar med bindingar.
• Eit 6100 år gammal pilskaft frå eldre steinalder.
• Skjelettet av ein 500 år gammal hund med halsband.
• Noreg si eldste sko – 3400 år gamal
•Eit 1000 år gammalt spyd, over 2 meter langt.
• Eit sverd, ei øks og pilspissar frå ei vikinggrav.

«Frose i tid» er verdas største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen, og opna sommaren 2023. Du ser ho på Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest, som er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.

Utstillinga «Frose i tid» er ope heile sommaren 9-19 (9-17) 11. juni-15. august kl. 9-19 (9-17).

Kontakt: 
T: +47 61 21 16 00

E: post@norskfjellsenter.no

N: www.norskfjellsenter.no

Fasiliteter

Arrangementstyper

  • Utstillinger

Generelle fasiliteter

  • shop

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • besøkssenter
  • faste utstillinger
  • museumsbutikk
  • omvisning etter avtale
  • skiftende utstillinger
  • temautstillinger
  • utstilling

Kart

Veibeskrivelse

Ved RV 15 retning Stryn, på nordsida av elva som renn gjennom sentrum av Lom.

Opningstider

* Ope kvar dag gjennom sommarsesongen.

Sjå meir

Lom stavkyrkje, lom stavkirke, lom stavechurch, stavechurch, stavkirke, norge, norges kirkerLom stavkyrkje, LomLom stavkyrkje er ei av dei største og eldste stavkyrkjene i Norge, og vart oppført rundt 1158. Kyrkja er fortsatt hovudkyrkje i Lom.

Norwegian Mountain Center. Photo: Kristoffer Mæle ThuestadNorsk fjellsenter | Besøkssenter nasjonalpark, LomNorsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen med utstilling, museum og butikk.

Klimapark 2469 | Istunnelen ved Galdhøpiggen, LomKlimaparken - Norges kulaste klasserom - er eit utandørs opplevingsområde - med istunnel - 1800 meter over havet ved foten av Galdhøpiggen.

Fossheim steinsenter | Gratistippen, LomPå utsida av Fossheim steinsenter kan ungar leite etter fine og spesielle steinar i "gratistippen". Her blir det i sesongen dagleg fylt på med spennande steinprøver som du kan plukke med deg heilt gratis!

The large Storehouse, LomStorstabburet i Lom, LomStorstabburet i Lom er eit tre etasjer stort stabbur, som truleg er bygd fyrst på 1600-talet. Det blir rekna for å vera det største av sitt slag i Noreg.

Fossheim steinsenter | Solhell-hytta, LomSolhell-hytta er ei sjarmerande tømmerhytte til leige midt i Lom nasjonalparklandsby.

Visit Jotunheimen AS | Bergomsvegen 17, 2686 Lom | Org.nr. 915 613 020 | +47 612 12 990 | info@visitjotunheimen.no