Besseggen

For meir informasjon, sjå www.besseggen.net

Memurubu
Memurubu

Memurubu er eit populært startpunkt for å gå Besseggen, sjå meir på www.memurubu.no

Besseggen er Noregs mest gåtte fjelltur med sine vel 30.000 besøkande kvart år. Dei fleste velger å ta båten frå Gjendesheim til Memurubu, for så å gå attende. Turen tek normalt 5-7 timar.

Frå Memurubu stig det ganske bratt opp den fyrste timen, før det etter kvart flater ut og går nedover mot «bandet» mellom Bessvatn (1374 moh) og Gjende (984 moh). Her velger mange å ta seg ei lita pause og nyte synet av det mørke blå Bessvatn og det smaragdgrønne Gjende før ein begynner på sjølve «eggen».

Her er det om lag 400 meter rett ned til Gjende. Deler av eggen er ganske smal, nokre stader kan det vere vanskeleg med møtande trafikk. Men dette løysast med godt samarbeid! Når ein har kome seg opp eggen vel mange å ete nistepakka si, hvis ein ikkje gjorde det på «bandet». Og gløym for all del ikkje å snu deg for å nyte utsikta innover Gjende og Gjendealpane!

Vidare går det ein tydeleg stig mot Gjendesheim over Veslefjell. På toppen av fjellet passerer ein ein stor steinhaug, som markerer det høgste punktet på turen, 1743 moh. Ca ein kilometer frå Gjendesheim deler stigen seg i to, den til venstre går mot Glitterheim og Bessheim, den andre fører ned mot Gjendesheim og Gjende.

Turen ned frå Veslefjell er til tider ganske bratt, men stigen er fin. Sidan det er såpass stor trafikk over Besseggen jobbar DNT med å steinlegge stigen. Gå derfor berre etter stigen, og ikkje ved sidan av. Dette er for å hindre unødig slitasje på vegetasjon og terrenget forøvrig.

Turen har ei total lengde på 17 km. Det er også mogleg å gå frå Gjendesheim til Memurubu for så å ta båten heim att. Ynskjer du å gå utanom båtsesongen kan du gå fram og attende. Sjølve Besseggen ligg halvvegs.