Gode snøforhold fleire plassar i Jotunheimen

  • Sognefjellshytta1-2
  • Spiterstulen_foto_Anne_Julie_Andersen-2
  • Memurubu1-2
  • Leirvassbu_LiveASulheim-2
  • Krossbu1-2
  • Glitterheim_klare_for_Høgruta2
  • Sognefjellshytta1-2

Gode snøforhold fleire plassar i Jotunheimen

Vi har fått spørsmål frå bekymra påsketuristar som lurar på om det er nok snø i fjellet til å gå på tur. Vi kan bekrefte at delar av Jotunheimen, spesielt i vest, har bra med snø, og det kjem stadig meir!
Vi har i dag vore i kontakt med nokre av hyttene i fjellet og her kan du lese kva dei melder:

Spiterstulen
Fine forhold rundt Spiterstulen. Det er lite snø i dalbotnen her, men det er absolutt føre til å gå på tur og mange moglegheiter når du kjem litt høgare opp. Galdhøpiggen er ein snøsikker tur framover, og Glittertinden mellom her og Glitterheim er også grei.

Leirvassbu
Leirvassbu har bra med snø, kanskje litt mindre enn normalt på breane, så ver påpasseleg. Ellers har vi hatt gjester på mange av toppane her i helga – Storebjørn, Midtre Høgvalgtind, Kyrkja, Semelholstind, Stetinden osv. Det snør i dag, har kome 20 cm med nysnø, så no er det kjempefine forhold her!

Sognefjellshytta
Sognefjellshytta rapporterar om normale snøforhold i området, med god såle og pågåande snøvêr som vil gi fint føre til påske.

Krossbu
Akkurat no er det så fint som ein kan få det her, for det har kome nysnø i dag som har lagt seg oppå hard snø frå tidlegare. Her kan ein gå kor som helst, for det er jamt bra med snø. Stikka løype mellom Krossbu og Leirvassbu skal vera klar til påske.

Glitterheim
Det er mindre snø her enn normalt akkurat no, men folk går alle ruter på normalt vis, det kjem mange Høgruta-folk innom. Det er varierande forhold, men betre og meir stabilt til høgare ein kjem. Ruta mellom Glitterheim og Spiterstulen er heilt grei, ein kan gå på ski heile vegen. Kan melde om kolossalt føre på Glittertinden.

Memurubu
Lite snø på denne delen av Høgruta for tida, men det er rå å gå turen. Det er likevel skiføre og mange fine turar ein kan gå rundt her. Heile isen på Gjende er trygg og det er stikka løype. Det er også fint å gå etter stikka løype mellom Memurubu og Glitterheim, samt Memurubu og Leirvassbu. Ellers er det fint føre innover Memurudalen, på Memurutindane og Memurubrean.