Lom stavkyrkje
Lom stavkyrkje
  • I Lom stavkyrkje vart tømmer datert til 1158. Kyrkja er framleis i bruk som hovudkyrkje i Lom. Inne i kyrkja finn ein mellom anna ei stor samling måleri frå 1700-talet og mykje vakker akantusskurd. Opp gjennom tida har kyrkja vore bygd om og utvida fleire gonger, noko ein kan sjå tydelege spor av.

    Då kyrkja vart restaurert fyrst på 70-talet vart det høve til omfattande utgravingar. Det  vart gjort fleire interessante funn av pilegrimsmerke, runestavar, pergamentdokument og det største samla myntfunnet i Noreg på heile 2245 myntar.

    Meir info:  Lom Stavechurch 


    Opningstider:
    Kyrkja er open for turistar i sommarhalvåret. 

    12.06 – 20.08 frå kl 09:00 – 19:00
    21.08 – 03.09 frå kl 09:00 – 17:00
     04.09 – 24.09 frå kl 10:00 – 16:00

    Informasjon / bestilling, information / booking:
    Ring / call: 970 75 397 – 48 16 55 27
    E.mail: booking.lomstavechurch@lom.kommune.no

    I opningstida kan omvisarane treffast på telefon 970 75 397.


    Prisar:

    Kr. 60.- for vaksne.
    Kr. 50.- for grupper (min.10 pers.), pensjonistar, studentar. Barn under 15 år går gratis saman med foreldre/føresette. Elles kr. 30.-

    Utanom vanleg opningstid er minstepris kr. 500.-

     

Storstabburet
Storstabburet
  • Treetasjes tømmerhus bygd rundt 1613. Det blir rekna for å vera det største av sitt slag i Noreg. Stabburet vart brukt som ei tiendebu, eit lagerhus (kornmagasin) for skattekornet frå bygda, før det vart delt ut til kongen, biskopen, presten og kyrkja. 

    I dag er storstabburet ein del av Lom Bygdemuseum, og inneheld ei utstilling om «Vatn og korn» – dei spesielle vatningsteknikkane i Nord-Gudbrandsdalen er kjent for og kva korndyrkinga har hatt å seie opp igjennom tidene.

    Kva ordet stabbur eigentleg betyr eller kjem frå, er ein ikkje heilt sikker på. Men, det kan godt hende at det kjem av gamalnorske ordformer som stafbu eller stafbur, og da er det mest truleg byggekonstruksjonen som har namna det, nemleg stavteknikk. Ein annan moglegheit, er at namnet kjem av det gamalnorske ordet stabbi, dvs stabbe, stubbe. Storstabburet står nemleg på heile 16 slike gilde stabbar.

Tidsaksen
Tidsaksen
  • Tidsaksen er et forsøk på å illustrere det ufattelige tidsperspektivet i jorden sin historie. Alderen til jorda og de ulike bolkene går så langt bakover i tid at ikke en gang en tidsakse fullt ut kan illustrere det. Tidsaksen er ikke en akse, men en runde. Det er rett og slett Bergomsrunda med start og stopp ved steinsenteret.

Bøverdalen kyrkje
Bøverdalen kyrkje
Klimapark 2469
Klimapark 2469
  • Klimaparken er eit utandørs opplevingsområde 1800 meter over havet. Bli med på guida tur gjennom klimaparken og inn i istunnelen: 60 meter inn i isen – 6000 år attende i tid.

    Dagleg guiding i sommarsesongen. Ein naturvegleiar møter deg og resten av gruppa ved Juvasshytta ved Galdhøpiggen. På den nesten kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye naturvegleiaren klima, historie, geologi og biologi i høgfjellet.

    www.klimapark2469.no

    Kontakt:
    telefon: 61 21 16 00
    e-post: post@klimapark2469.no

Prestfossen
Prestfossen
  • Prestfossen er eit spektakulært syn, særleg i vårløysinga. Fossen har tidlegare vore nytta til å driva mellom anna mølle og sagbruk, og kraftverk. Det går ein travers over fossen som du kan lesa meir om her: Prestfosstraversen. 

    Prestfosstraversen – zipline over elva Bøvra midt i Lom sentrum.
Bergomsrunda
Bergomsrunda
  • Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bind saman sentrum og attraksjonane på ein god måte, og du får med deg alt som er verdt å sjå. Sentrum er særskilt kjend for den spesielle byggeskikken. Runda er ca 2,5 km lang. Følg skilt merka «Bergomsrunda».

Sagasøyla
Sagasøyla
  • 34 meter høy steinsøyle som står på Elveseter hotell. Lagd av Wilhelm Rasmussen.

Bøverbreen
Bøverbreen
  • Bøverbreen er ein brearm av Smørstabbreen i Jotunheimen. Den strekkjer seg 7 km vestover i retning Sognefjellhytta som ligg i nærleiken. Breen har eit areal på 4,9 km².

    Breen er på det høgaste 2040 moh, og på det lavaste 1420 moh. Den ligg på vestsida av Smørstabbtindane, mellom Leirhøe i nord og Falkeberget i sør.

Norsk fjellsenter
Norsk fjellsenter
  • Norsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen, og har god kunnskap om nasjonalparkane og aktivitetar i fjellområda. 

    I fjellmuseet på Norsk fjellsenter syner ein menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss. I butikken er det eit stort utval bøker om fjell og nasjonalparkar, historie og lokalhistorie og barnebøker. Her finn du også turkart, lokalt handverk, postkort, smykker og suvenirar.

    Her kan du få turtips og informasjon om fjellområda rundt oss, og du kan prøve kartbordet og den interaktive informasjonen om nasjonalparkane i Noreg. Vil du slappe av med ein kaffekopp og bla i ei bok frå fjellbiblioteket, er peisen ein naturleg plass å trekke inntil. 

    www.fjell.museum.no

Jotunheimen Nasjonalpark
Jotunheimen Nasjonalpark
  • Jotunheimen Nasjonalpark vart oppretta i 1980 og har eit areal på 1155 km2. I Jotunheimen ligg ein stor del av Noregs toppar over 2000 meter.

    Dei tre høgste toppane:

    * Galdhøpiggen (2469 moh)
    * Glittertind (ca. 2465 moh)
    * Store Skagastølstind (2405 moh)

    Jotunheimen er eit svært populært turområde både sommar og vinter, og her finn du eit stort nettverk av merka fotruter i alle kategoriar. 

Breheimen Nasjonalpark
Breheimen Nasjonalpark
  • Breheimen Nasjonalpark ble opprettet i 2009 og har et areal på 1691 km2. Landskapet er preget av breer, fosser, frodige daler, høyfjellsområder og kulturlandskap preget av seterbruk.

Reinheimen Nasjonalpark
Reinheimen Nasjonalpark
  • Reinheimen Nasjonalpark ble opprettet i 2006 og har et aeral på 1974 km2. Nasjonalparken har et variert landskap, fra fjordbunnen i Romsdalen via topper på over 2000 meter, til de slakere seterdalene nordvest i Gudbrandsdalen.

Fossheim Steinsenter
Fossheim Steinsenter
  • Fossheim Steinsenter er eit geologisk museum som husar landets største utstilling av norske mineralar og smykkesteinar. Her er det smykkegalleri og butikk, med hovudvekt på smykker, souvernirar og bruksting i norsk stein. Her kan du også sjå dinosaurusegg, støyttenner av mammut, preparerte fiskefossil, oldsaker og mykje anna spanande.

    Steinsenteret finn sjølv det meste av råsteinen, og dei fleste produkta blir laga av eigne produsentar.


    Adresse

    Fossheim Steinsenter
    Bergomsvegen 30
    2686 LOM

    Kontakt
    fossst@online.no
    +47 612 11 460

    Opningstider
    1. mai – 15. sept.: Kvardagar 10.00 – 16.00

    Hovudsesong: Dagleg 10.00 – 18.00

    Utanom dette, kontakt oss på telefon

Haukdalen
Haukdalen
  • Haukdalen kunstnarheim ligg roleg og idyllisk til på solsida i Flatmogrenda i Lia i Lom. Det tradisjonssrike småbruket ligg der som eit tun av gamle, små  timbrahus omkransa av ein fargerik og frodig hage. Vi i Haukdalen kan tilby deg trivelege rusleturar i dette koselege tunet, vi kan gje deg innblikk i korleis livet til Kitty og Gustav Wentzel arta seg og vise deg måleri og arbeid av den kjente målaren. Vi tek deg med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, heimen og atelieet til Wentzel. På Liafjellet finn du mange restar etter gamle fangstkulturar og du har ei flott utsikt mot Jotunheimen.

    Opningstider:
    Haudalen er open for besøkjande etter avtale i juni, juli og august.  Servering ved besøk av grupper. Salg av rømmebrød og flattbrød.

     

    Telefon: 61 21 27 46
    E-post: aamarste@online.no
    Nettside: www.haukdalen.no