TV Jotunheimen Levande bileter frå Visit Jotunheimen

Vi syner deg fine turar, kulturopplevingar og stader du bør besøke når du er i Lom og Jotunheimen!

Utleige av toppturutstyr i Lom

Gira på topptur, men manglar utstyr? Test for ein dag, da vel! 

Da kan du leige fullt toppturutstyr hos Sport 1 Lom. Her finn du alt i frå lette toppturski perfekte for lengre turar – til breie pudderplankar som gjev deg ekstra flyt og moro under nedkøyringa.

Sport 1 Lom tilpassar skia til kvar enkelt, slik at utstyret er optimalt med tanke på di vekt og høgde.

Utleigepakka inneheld ski, skisko, bindinger og feller, og kan leigast i ein eller fleire dagar. For meir info, sjekk ut www.lomseggen.no

Lang ut på langrenn i Lia i Lom

Åslirunda er ca 8 km lang, med oppkøyrte løyper i idyllisk skogsterreng. 

– Det er berre arbeid med all denne snøen, sier Knut Vole, som på friviljug basis køyrer opp langsrennsløyper i Åslia. – Men det er verdt det når du treff ein blid skiløpar!

Visit Jotunheimen har vore med på løypekøyring i Åslia i Lom. Her er ein liten smakebeta på kva som ventar deg.

Kultursti i Lom: Setervegen til fjells

Frå kulturstigen «Setervegen til fjells» kan du sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Galdhøpiggen får du sjå om du tek avstikkaren opp på Læshø!

No har kulturstigen til Skutlan frå Lom sentrum fått nye skilt, og undervegs kan du læra om alt frå spesielle naturfenomen til kulturhistorie.

  • Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim hotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i inngjerda beitemark. Ta til høgre i stigdelet for å følge rute 1a (i neste vegdele kan du ta ei kort rute, 1d, mot Nonshaug). Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan. Nå er du på det høgaste punktet på denna ruta (1070 m.o.h.). I stigdelet på Skutlan kan du gå rute 1b mot Læshø eller rute 1c mot Myrskardet (sjå avsnitt lenger ned).

    Du kan variere rute 1a med desse alternativa:

    Lom – Skutlan – Læshø (1204) –Lom. Totalt tidsbruk: 4,5 timer

    Lom – Skutlan – Myrskardet – Lom. Totalt tidsbruk: 4 timer.

    Lom – Nonshaug – Lom. Totalt tidsbruk: 2,5 timer.

    Turkart finn du her! 

    Nasjonalparklandsbyen Lom byr på natur- og kulturopplevingar utanom det vanlege. Om lag 90% av kommunen er brear og fjell, med Galdhøpiggen og Glittertind som kjende landemerke.

Originalruta til Galdhøpiggen

Bli med på delar av den gamle ferdselsvegen til Noregs tak, Galdhøpiggen. Målet er utsynspunket Knippen, der du ser utover dalane Bøverdalen, Leirdalen og Visdalen.

Galdhøpiggen vart bestige for fyrste gong i 1850. Den gong gjekk det ikkje veg til Juvasshytta, og turane som tok 16 (!) timar, starta ved gamle Røisheim skysstasjon i Bøverdalen. Bli med på delar av den historiske vandreruta!

  • Turen startar frå Røisheim på godt merka sti.

    Denne turen er ein del av stigen Raubergstulen – Røisheim, og har ein historisk sus over seg. Dette var nemleg startetappa til dei fyrste guida turane til Galdhøpiggen som Knud Vole (Stor-Knud) gjorde kjent på slutten av 1800-talet.

    Dette er ein ypperleg liten fjelltur, trimtur eller «barnetur» til eit fint utkikkspunkt, der du ser dalane Bøverdalen, Leirdalen og Visdalen godt. Turen går i kupert og lett terreng, rundt 1000 meter over havet, og kan gjerast så lang eller kort du berre vil.

Grottetur i Dumdalen

Er du klar for ei oppdagingsferd under bakken? I Dumdalen, langs Sognefjellsvegen sørvest for Lom, fins det mange djupe kalksteinsgrotter danna under istida for 10.000 år sidan.

Desse kan utforskast både frå utsida og innsida, og det er mogleg å krype nedi og gjennom grottene. Dessutan er Dumdalen ein frodig dal som byr på lettgått turterreng.

  • Ein tur til Dumdalsgrottene er ein fin aktivitet på regnvêrsdagar. Elva Dumma har gjennom mange tusen år gravd seg ned i bakken og skapt spennande formasjonar og tuneller under bakken. Det er 7-8 ulike grotter som kan utforskast – og dei byr på både store salar og tronge passasjer. Grottene ligg i Dumdalen, og er lett tilgjengeleg frå rv15, og dette er ein aktivitet alle kan vere med på.

    Det frodige landskapet i dalen med ein unik flora er også spennande å utforske for dei som foretrekkjer å halde seg over jorda.

    Det er anbefalt å ha med seg guide på turen.
    Her er ei oversikt over selskap som tek deg med på grottetur! 

Jostigen - den bratte "direkteruta" til Besseggen!

Har du høyrt om Jo-stigen? Det er den brattaste og mest direkte ruta til Besseggen, utan å ta båt.

Turen startar ved Gjendeosen, på merka sti mot Memurubu, før det går rett til vers mot Besseggen! Bratt, luftig og heftig! Det er anbefalt å gå turen med guide eller kjentmann. Her er ein liten smakebit på kva som ventar deg. 

Tronoberget - lett tilgjengeleg fjelltur med utsikt!

Dette er ein tur nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh). Frå toppen av Tronoberget ser du inn i Finndalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark.

  • Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre ved fossen. Rett ved bruenden går du til høgre ned til elva og over utleggsbrua (dette er ein del av Bergomsrunda). Følg elveforbygginga langs
    Bøvre til Tronoodden. Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva. Ruta svingar seg opp i terrenget i glissen furuskog mellom små hamrar, litt bratt av og til.

    Stigen dreier seinare nordvest inn på ryggen. Turen til toppen er ein liten avstikkar (150 m) frå skilta vegdele ned mot Grjotheim.

    Frå Tronoberget er det skilta til Geittopphøe, 60 minutter tur-retur. Ruta ned mot Grjotheim er ikkje så bratt som opp frå Tronoodden. Rett i austleg retning fylgjer ruta eit drag i terrenget – etter kvart litt brattare langs eit bekkefar. Tidleg kjem ruta inn på ein gamal kjerreveg som ein fylgjer eit par store svingar heilt ned til bilvegen. Vegen attende til Tronoodden er lite trafikkert og grei å gå.

    Heile ruta er godt merka. Sjå kart her

Zipline over Prestfossen

Klar for eit lite kick, susande over brusande vatn i Prestfossen? Her har Aktiv i Lom spent opp ei zipline, som gjev ei spektakulær oppleving midt i Lom sentrum!

Ziplinen er ei spektakulær oppleving, med ein foss som kastar vatn opp mot deg og ei elv som bølgjer seg like under beina dine.

  • Prestfosstraversen – for både liten og stor!

    Ein tur med Prestfosstraversen er ei oppleving og ei utfordring for dei aller fleste, og den eignar seg godt for både grupper, skuleklassar og den einskilde turist- og besøkjande.

    Undervegs kan du vinke til gjestane på Bakeriet i Lom eller på Smak i Lom! Rushet er til å ta og kjenne på! Men la ikkje det skremme deg frå å prøve; Prestfosstraversen er ein snill zipline som dei fleste tør prøve.

    Aktiviteten tek heller ikkje lang tid, så dette er ein hyggelig liten sak ein kan ta seg tid til nesten uansett kor travelt ein har det. I skuleferien om sommaren har vi ope kvar dag. Er dykk ei gruppe kan dykk gjerne ta kontakt for å gjera ei avtale eit anna tidspunkt dersom opningstida ikkje høver.

    Oppmøte ved Norsk Fjellsenter som ligg på vestsida av brua midt i Lom sentrum.

Lomseggen - lokal topp med majestetisk utsyn!

Har du vore på toppen av Lom sitt «bygdafjell», Lomseggen (1289 moh)? Her er ein liten teaser på kva som ventar deg! Stikkord: Majestetisk utsyn, høg puls og vakker natur. God tur!

Følg gul merking frå Norsk fjellsenter. 

  • På denne turen går du inn i Breheimen nasjonalpark. Over tregrensa opnar utsikta seg til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I vest skjer Bøverdalen seg inn mellom dei høgaste toppane i Noreg og du har fint utsyn mot den høgaste av dei alle, Galdhøpiggen (2469 moh).

    Sjå kart her! 

    Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre og dreier til venstre opp forbi Norsk fjellsenter. Gå forbi Storstabburet og ta til venstre når du møter den asfalterte Solsidevegen. 200 meter etter herskaplege Sygard Andvord tek stigen av til høgre. Her er det skilta til Lomseggen, Bordvassvegen
    og Tor Jonsson-stuggu. Etter rundt 300 meter skil Bordvassvegen (raud merking) og ruta til Lomseggen (gul merking) lag.

    Ruta passerer Smith-hytta på 1150 moh og går i ein stor bue opp til det framre punktet på Lomseggen. Frå Lomseggen kan du gå same veg attende eller følgje ruta vidare austover. Ruta går nedover eit drag i fjellet, noko bratt ned ved tregrensa. Følg skogsvegen eit par hundre meter før ruta fortset på stig ned
    gjennom skogen. Når du er nesten nede går du gjennom ei grind, krysser ein bustadveg, går rett ned Hovsvegen og til venstre når du møter Solsidevegen. Følg denne i 200 m, ta til høgre på
    asfaltert veg i retning Lom sentrum.

    Turinfo:
    • Fram til midten av juni kan det vera mykje snø på nordsida av ruta. Spør korleis tilhøva er i
    turistinformasjonen/Norsk fjellsenter.
    • Tor Jonsson-stuggu er ope for omvisning på førespurnad, meir info på turistinformasjonen.
    • Smith-hytta på 1150 moh er ei steinbu som vart bygd for ein tysk biletkunstnar rundt 1890.

    Via Ferrata Lomseggen
    Nissegården Hytter og Aktiviteter tilbyr klatrestigen «Via Ferrata» til Lomseggen. Informasjonsfilm, billett og klatreutstyr er påkrevd. Henvend deg i resepsjonen.

Velkomen til Lom nasjonalparklandsby

Lom er staden der du kan få natur- og kulturopplevingar utanom det vanlege. Om lag 90% av kommunen er brear og fjell, med Galdhøpiggen og Glittertind som kjende landemerke.

Lom sentrum har namnet Fossbergom og her finn du alt du treng av informasjon, utstyr og guidar for å besøke ein av nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

  • Buss til fjells
    Ta deg ein tur til fjellheimen. Her ventar opplevingane. Gå til 2000-meterstoppar, besøk ein klatrepark, test zipline over Prestfossen, bu på ei turisthytte til fjells, besøk ein levande vakker gard og nyt god lokalprodusert mat i idylliske omgjevnadar. Slit du med logistikken, så tek fjellbussen deg fram!

    Filmen er produsert for kampanja «Buss til fjells«, eit samarbeid mellom Visit Jotunheimen og Nasjonalparkriket Reiseliv.