TRANSPORT

Bil
Den enklaste måten å kome seg til og rundt omkring i området er å køyre bil. Fylg E6 frå Oslo eller Lillehammer, eller E16 via Lærdal frå Bergen.

Tre av Noregs nasjonale turistveger går gjennom Jotunheimen; Sognefjellsvegen, den gamle Strynefjellsvegen og Valdresflya. Ver oppmerksam på at nokre fjellovergangar er stengt vinterstid:
http://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger

Lom Taxi
Tlf. +47 909 03 014 / +47 61 21 16 97

Buss
Jotunheimen-området kan du nå med ekspressbuss frå Oslo, Bergen og Trondheim.
Nettbuss: Måløy – Oslo | http://www.nettbuss.no/
Rutebok.no | http://rutebok.no/nriiis/Default.aspx
Opplandstrafikk | http://www.opplandstrafikk.no/
Nor-way bussekspress | https://www.nor-way.no/nb-NO

Tog
NSB | https://www.nsb.no/ (Otta er nærmaste togstasjon)

Med bil frå Lom sentrum
Ver oppmerksam på at ikkje alle hyttene på høgfjellet kan nåast med bil vinterstid. Dei det gjeld tilbyr transport heilt inn, ta kontakt i god tid.

Krossbu: 45 min. Vi tilbyr transport med scooter for gjestar frå Rustadsæter.
Leirvassbu: 35 min. Vi tilbyr transport (kun for gjestar) med beltevogn/scooter frå parkeringsplassen – bestilling må gjerast seinast dagen før ankomst.
Jotunheimen Fjellstue: 30 min.
Sognefjellshytta: 50 min. Vi tilbyr transport med scooter for gjestar frå Oscarshaug i vest og Rustadsæter/Krossbu i aust.
Spiterstulen: 45 min.
Juvasshytta: 45 min.
Raubergstulen: 35 min.
Røisheim: 15 min.
Glitterheim: 1t 20 min. Ankomst vinter via Veoli i Sjodalen. 25 km med beltebil inn til Glitterheim. Løyve til tre turar per veke. Påska: Palmehelga; fredag, laurdag og sundag. Onsdag og skjærtorsdag. 1. og 2. påskedag.
Gjendesheim: 1t 10 min.
Memurubu: 1t 12 min.

Fossheim, Nordal, og Fossberg ligg i sentrum, på Fossbergom.