Topptur i majestetiske Jotunheimen! Ingen norske fjell tek deg høgare på ski. Finn fram feller og toppturski, og oppsøk skieldoradoet Jotunheimen.

Guiding og turprogram

Frå mars til mai kan du delta på eit breitt utval aktivitetar rundt om i Jotunheimen. På programmet har vi alt frå enkle toppturar til den meir krevjande Høgruta, toppturpakker med overnatting og servering og ulike kurs og foredrag.

Turbeskrivingar

Ynskjer du å gå topptur på eiga hand? Her finn du detaljerte turbeskrivingar til nokre av dei mest populære toppane i Jotunheimen – som for eksempel Fanaråken, Galdhøpiggen, Glittertind, Storebjørn, Store Smørstabbtind og Loftet.

Skiutleige og handel

Lyst til å teste ein ny aktivitet i fjellet, men manglar utstyr? Da kan du leige fullt toppturutstyr! Treng du ny turbekledning? Her finn du eit breitt utval av utstyr, både for sal og utleige.

Mat og overnatting

Vil du sove på hotell eller hytte sentralt i Lom, eller på ei fjellstuggu kor du kan spenne på deg skia rett utafor døra? Jotunheimen og omegn byr på eit rikt utval av overnattingsstader. Kultur og tradisjonell mat har dessutan stort fokus i området, så her ventar smakfulle opplevingar òg etter skituren.

Transport

Usikker på korleis du kjem deg til Jotunheimen? Det enklaste på denne tida av året er å køyre sjølv, men du kan òg ta tog og buss. Dessutan tek «Høgrutabussen» deg til fjells.

Kart

Her får du oversikt over dei ulike overnattingsplassane i området og kor dei ligg i forhold til kvarandre. Husa, rutene og fjella i illustrasjonen er klikkbare og vil gje deg nyttig informasjon om både opningstider, prisar og turar.