VISIT JOTUNHEIMEN

Visit Jotunheimen er reisemålselskapet for Jotunheimen, Lom og omegn.

Lom er ei fjellbygd i Oppland med ca. 2350 innbyggarar og heile tre nasjonalparkar, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Over 90% av kommuna sitt areal ligg på over 900 moh. og vi kan freiste med dei to høgste fjella i Noreg: Galdhøpiggen og Glittertind.

Bygda utgjer eit krysningspunkt mellom aust og vest og på under to timar (sommarstid) kan du forflytte deg frå høgfjellet i Jotunheimen  til verdas lengste fjord, Sognefjorden.

Lom sentrum, Fossbergje, er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.

Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen. Namnet Fossbergje kjem av berga som stikk fram attmed fossen. Her har bygdasenteret vakse fram på båe sider av elva. Fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770, fyrste landhandelen kom i 1870 der Kiwi held til i dag.

På Fossbergom er det eit yrande liv i sommarmånadene  med bygdafolk og turistar om kvarandre. Vi kan by på eit triveleg sentrumsmiljø med uteserveringar, kafear, butikkar, ein gjennomført byggeskikk og mange flotte turalternativ.

Lom sentrum og Lomseggen. Foto: Live Andrea Sulheim
Lom sentrum og Lomseggen. Foto: Live Andrea Sulheim
Du finn mange fine turstiar i området. Foto: Live Andrea Sulheim
Du finn mange fine turstiar i området. Foto: Live Andrea Sulheim

TURISTINFORMASJON
Turistinformasjonen i Lom finn du på Coop Ottadalen, midt i Lom sentrum. Turistinformasjonen er ope med sjølvbetjening heile året og vi er tilgjengeleg på telefon og e-post. I juni, juli og august har vi full bemanning.

Opningstider sommaren 2017: Måndag – laurdag: Sundag:
23.juni – 20.august:  09.00 – 21.00 10.00 – 18.00
21.august – 02.september:10.00 – 18.00Stengt


KONTAKT OSS

info@visitjotunheimen.no
+47 61 21 29 90

Adresse:
Sognefjellsvegen 2, 2686 Lom

Dagleg leiar:
Mari Arnøygard Wedum
mari@visitjotunheimen.no
+47 996 41 784

Postadresse:
Murgarden, Sognefjellsvegen 17, 2686 Lom

Turistinformasjonen på Coop. Foto: Vigdis Kroken/Fjuken
Turistinformasjonen på Coop. Foto: Vigdis Kroken/Fjuken