Turtips

livesulheim_jotunheimen

Lomseggen – topptur frå Lom sentrum!

Har du vore på toppen av Lom sitt «bygdafjell», Lomseggen (1289 moh)? Her er ein liten teaser på kva som ventar deg! Stikkord: Majestetisk utsyn, høg puls og vakker natur. 

Det er godt merka sti heilt til topps. Turen byrjar enten frå Norsk Fjellsenter eller frå Andvord Gard

Frå fremste Lomseggen kan du fortsetje turen til toppen Eggjapiken eller 2000-meterstoppen Storivilen, 2068 moh. Gode skilt syner deg vegen! 

Treng du tips til fottturar i Jotunheimen?

Her finn du turar i området rundt Leirvassbu fjellstue:
http://www.ton.no/no/leirvassbu-fjellstue/turforslag

Fjellførar Kjell Nyøygard har eigne kategoriar på bloggen der han kjem med forslag til fine turar både sommar og vinter:
http://fjellforer.blogspot.no/

På Peakbook kan du finne forslag til toppturar og sjå turrapportar:
http://peakbook.org/no/