Hesteriding Hest er best til fjells
Opplev fjellheimen frå hesteryggen. Garantert ei minnerik oppleving for både små og store. Riding i fjell og utmark er ein unik kombinasjon av å vere tett på dyra og ferdast i storslått natur.
På Raubergstulen finner dykk Jotunheimen Hestesenter, her tilbyr vi rideturar kvar dag etter avtale.
Islandshestane våre er gode turkameratar som tek dykk med på fine turar i naturskjønne omgivelser under kyndig veiledning frå guidane våre. Her kan alle bli med, både store og små og både dei med og utan erfaring.
Aldersgrensa på 2-timersturane og halvdagsturane er 8 år.
Turane må bestillast på førhand, helst seinast dagen før.
Prisar og turalternativ:
Leietur 15-30 min: Kr. 150,-
Timestur: Kr. 250,-
2 timer: Kr. 450,-
Halvdagsturar, ca 3 timer: Kr. 550,-
Halvdags familietur: Kr. 1600,- for 2 voksne og 1 eller 2 barn (Kr. 200,- ekstra for ekstra barn)
Kontakt:
www.raubergstulen.no/index.php/fjellriding
Telefon: +47 61 21 18 00
Fjelleventyret - på hesteryggen i Breheimen nasjonalpark
Lundadalen er ein seterdal som ligg i Breheimen nasjonalpark i Skjåk. Dalen har vore nytta til jakt, fiske og setring til alle tider, og er eit ypperleg utgangspunkt for fjell- og toppturar.
Fjelleventyret tilbyr rideturar i skog, mark og fjell og familieturar i fjellet. Om sommaren har vi rideksule for barn 6-18 år.
Kontakt:
Fjelleventyret Lundadalen
Tlf: +47 480 86 104
post@fjelleventyret.no