Galdhøpiggen

Galdhøpiggen res

Frå Juvasshytta

– Juvasshytta ligg på 1850 m.o.h, og Galdhøpiggen er 2469 m.o.h
– Det er ca 15 km tur-retur, og tek 6-7 timar.
– Turen inn til brekanten vil ta i underkant av ein time.
– Her skal alle bindast inn i tau og gjere seg klar for breturen. Det er tid til ei pause med litt drikke og mat. Vi anbefalar at å drikke ofte – minst kvar time.
– Førarane informerar om korleis dei ynskjer at deltakarane skal oppføre seg på turen over breen.
– Stramt tau over breen mellom deltakarane er viktig. Dei som ynskjer å gå i same taulag, vener og familie, passar sjølv på at dei stiller opp samla ved taua.
– Det er livsfarleg å krysse breen åleine utan tau og utstyr. Tidleg på sommeren dekker snøen sprekkane, og vi kan oppleve gjennomslag.
– Turen over breen tek ein time. Deretter er deltakarane kome til “piggura”. Her løyser deltakarane seg ut av taua og tek ei kort pause. Den brattaste delen av turen startar. I løpet av 30 min-1 time er dei fleste komne opp.
– Hugs å fylge førarane si anvisning. Her får deltakarane beskjed om når dei skal vere attende ved taua.
– Førarane vi brukar har fleire års erfaring med føring både på Galdhøpiggen og andre fjell og brear. Dei er opptekne av sikkerheit og at turen skal vere ei god oppleving for deltakarane. Deltakarne er sjølve ansvarlege for å få med seg informasjon og instruksar fra førarane. Dess bedre deltakarane er førebudd til turen, dess bedre blir opplevinga.
– Det er alltid ein fordel å vere i god form, ha fornuftig utstyr og mat/drikke i sekken.
– Viss nokon av deltakarane har epilepsi, diabetes eller andre sjukdommar som kan gje utslag ved fysisk anstrenging, gje beskjed om dette.

Skjermbilde 2015 06 05 kl. 16.22.08

Frå Spiterstulen

Denne turen kan gjerast både med og utan førar, og det finst fleire rutealternativ. Den vanlegaste ruta går ikkje over bre, og du kan difor gå på eigenhand. Turen startar i småskogen og tek deg opp gjennom heile fjellet og dei utfordringane det krevst. Det er verd å nemne at ein på turen ikkje berre rekk éin, men tre toppar over 2000 meter! Over brua på Spiterstulen og litt til høgre. Der fylger ein ein tydeleg sti, den er nyrenovert av sherpaer i 2010 på grunn av høg slitasje, og vi ber difor folk fylgje merkinga. Vidare går ein over eit relativt greitt område. Før ein må gi seg i kast med noko laus grus. Etter grusen er det fin stigning over snø og ur før ein runder Svellnose. Når ein så kjem til botn av Keilhaus topp, kan ein miste litt “futten”, men dette blir ein fantastisk nedfart! På toppen ser ein over til toppen av målet – Galdhøpiggen og ser at det er oppnåeleg! Litt ned og siste stigninga er som alltid tung men givande. På toppen ser ein 1/4 av Sør-Noreg på ein fin dag!

Arrangørar som tilbyr guiding

Frå Juvasshytta

  • Vaksne: 250,-
    Born: 150,-

    For føring til Galdhøpiggen møter du opp seinast ein halvtime før turen går, og kjem inn i resepsjonen og betaler for turen.

  • Sesong frå 16.mai til 01. oktober 2017

    Tider for guiding: 
    09.00 For gjester på Juvasshytta (10.juli til 12. august)
    10.00 For alle (27. mai til 01. oktober)
    11.30 For alle (10.juli til 12. august)

    Vi tilbyr egen føring for grupper, skuleklasser og familiar etter ynskje. Juvasshytta har førarar med kompetanse til guida toppturer i tillegg til føring til Galdhøpiggen.

    Påmelding til tur med føring over breen til Galdhøpiggen foregår i resepsjonen på Juvasshytta same dag som turen går. Me tek ikkje i mot bestillingar på førehand med mindre det er 10 personer eller fleire. Møt opp i god tid før turstart, seinast ein halvtime før. Me sett opp førarar etter behov, slik at alle får vere med.

  • Vaksne: 250,-
    Born: 200,-

  • Starttidspunkt våre gjester: Kl. 09.00 på Raubergstulen. Påmelding i resepsjonen kvelden før. Vi ynskjer at gjestar med spesielle behov seier ifrå på førehand slik at vi kan tilretteleggje turen best mogleg.
     
  • Galdhøpiggen på 2469 meter over havet er ikkje berre Noreg sitt høgste fjell, men også Nord-Europas høgste. Vi startar turen fra Juvasshytta på 1840 m.o.h. Frå der går vi i lett terreng i om lag ein time opp til Styggebreen kor vi binder oss inn i taulag.
    Herfrå tek det om lag ein ny time over breen til vi igjen har fast grunn under føtene. Opp Piggura er den siste og tyngste delen av turen og det er her vi må ta dei fleste høgdemetrane. Totalt tek turen opp ca 3 ½ time og ned ca 2 ½ time.

    Dette er ein relativt enkel tur som passer dei aller fleste og er godt egna for barn. Frå Lom og opp til Juvasshytta tek det om lag 45 min å kjøre med bil. Fra Raubergstulen til Juvasshytta er det bomveg som kostar (kan betalast med kort).

  • Pris: 690,-

  • Vi har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men tek gjerne turen om du ynskjer eigen guide for din familie eller gruppe. Kontakt oss for bestilling.

    www.aktivilom.no

  •  

     

     

  • Det tek om lag 45 min å kjøre med bil frå Lom og opp til Juvasshytta. Den siste mila frå Raubergstulen til Juvasshytta er det bomveg som kostar kr 100,00 (betalast med kort). Frå Juvasshytta på 1840 m.o.h, går fyrste etappe gjennom steinur i lett terreng inn til Styggebreen der vi bitt oss inn i taulag. Vidare tek det om lag ein time over breen, før siste og tyngste del av turen går opp Piggeura. Totalt brukar vi omtrent 3 ½ time til toppen, og 2 ½ time ned att, i tillegg til gode pausar.

     

    Vi tek på oss guiding av både små og store grupper, og legg opp turen etter gruppa sitt nivå og ynskje. Gruppa og opplevinga er i fokus under heile turen. Vi har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men er klare for tur om du ynskjer eigen guide for familien eller gruppa.

     

    Pris: 3500,- per førar (inntil 15 deltakarar)

     

Frå Spiterstulen

  • Ein går fint frå Spiterstulen med “unge fjellvandrarar” ned i 5-6-års alderen viss dei er motivert. Vi går til toppen med leirskule 6-7. trinn kvar uke. Elles er det verdt å nemne at det også går ein lettare tur til toppen frå Juvasshytta, men då er ein avhengig av førar og det utstyret en bretur krev.

  • Dette er turen du gjerne tek med ein førar frå Spiterstulen. Turen startar på tunet. Over brua og til venstre, deretter fylges stien til Svellnosbreen opp til brekanten. Her vil turen skilje seg litt frå ein vanleg bretur for her må ein ta i betraktning forholda. Medan dei som skal på breen går ein tur i brefallet, velgjer ein gjerne ein annan kanskje kortare tur gjennom formasjonane for denne turen. Så går ein over flatbreen før ein ankjem foten av Galdhøpiggen! Her er det ei velfortent pause før ein verkelig bestiger toppen med omtrent 400 høgdemeter på ein time! Ein flott måte å nå toppen på!

    Pris:
    Buande: 500/300,- vaksen/born
    Ikkje buande: 600/350 vaksen/born

  • Turen startar i småskogen og tek deg opp gjennom heile fjellet og dei utfordringane det krevst. Det er verd å nemne at ein på turen ikkje berre rekk éin, men tre toppar over 2000 meter! Over brua på Spiterstulen og litt til høgre. Der fylger ein ein tydeleg sti, den er nyrenovert av sherpaer i 2010 på grunn av høg slitasje, og vi ber difor folk fylgje merkinga. Vidare går ein over eit relativt greitt område. Før ein må gi seg i kast med noko laus grus. Etter grusen er det fin stigning over snø og ur før ein runder Svellnose. Når ein så kjem til botn av Keilhaus topp, kan ein miste litt “futten”, men dette blir ein fantastisk nedfart! På toppen ser ein over til toppen av målet – Galdhøpiggen og ser at det er oppnåeleg! Litt ned og siste stigninga er som alltid tung men givande. På toppen ser ein 1/4 av Sør-Noreg på ein fin dag!

  • Dette er turen for øva fjellfolk. Ein fylgjer mot breen, på toppen av moreneryggen brekk ein av mot framre Tverråtind. Så går turen rundt og opp på denne før ein fylgjer ryggen rundt Tverråtindane – Ymelstind – Storjuvtind før ein lander på Galdhøpiggen og ned att på Kailhaus og Svellnose (det er 8 over 2000-meter toppar på ein tur) Denne turen krev gjerne eit par rapeller, så det kan vere smart å prate med folka i resepsjonen på Spiterstulen.

  • Det er mogleg å klatre til toppen frå “Porten”, men vi anbefalar gode kunnskaper og klatreførar for dette. Det gir ein eigen friheit og mestring som er utruleg flott. Men vi ynskjer å henvise til kurs og Klatrefører for Jotunheimen» som fåes kjøpt.

  • Spiterstulen Bre- og Fjellføring tilbyr guided turer i Jotunheimen, i hovedsak i området rundt Spiterstulen og Visdalen, men vi tilbyr også turer i andre områder.  Vi går tur på oppdrag hele året, men har vår høysesong i påsken og gjennom sommeren. Da vil vi være på Spiterstulen og føre daglige turer til Svellnosbreen samt andre turer.

    Kontaktinformasjon:
    www.galdhopiggen.no
    E-post: post@galdhopiggen.no