Ingen Arrangement

Følg Visit Jotunheimen på Facebook!

1 dag sidan

Visit Jotunheimen

Juvasshytta gjer seg klar for sesonopning den 9.mai 2018🤩❄️❄️❄️ Hytta som ligg 1841 m.o.h ved foten av Galdhøpiggen, er ope alle helger i mai, og kvar dag frå 1. juni – 23. september 2018.

Meir info her: www.juvasshytta.no/

Juvasshytta
Storskala snømåking idag, utgangsdøra mot Galdhøpiggen ☃️
... Sjå meirSjå mindre

2 dagar sidan

Visit Jotunheimen

Hurra for toppturar på Hurrbrean - og vårskisesong i Jotunheimen!

Frå Geitsætre i Leirdalen syner elva Hurra deg veg opp på Hurrbrean, der du kan rope høgt hurra frå fleire 2000-meterstoppar som lokkar med majestetisk utsyn over heile Jotunheimen.

Påsketrafikken har roa seg. Kvikk Lunsjen er fortært, og mange legg skia på hylla og tek til å sysle med hagearbeid. Det er nå du bør ta turen til fjells. For vårsnøen ligg att. Sola gjev enda meir varme. Og er du heldig, kan du nyte mjuk vårslusj på veg ned.

Hurrbrean er omgjeve av mellom anna toppane Veslfjelltinden (2149 moh), Hurrbreatinden (2064 moh), Bakarste Skagsnebb (2093 moh) og Skagsnebb (2003 moh). I dette området kan du på denne tida glede deg over å kunne gå på ski rett opp frå bilen og køyre på ski heilt ned att, utan anmarsj til fots. Ved å følgje breen oppover, kan du velja og vrake i 2000-toppar, og gjerne gå oppom fleir av dei i løpet av ein dag.

Adkomst:
Vegen inn til Leirvassbu er ein 15 km privat bomveg (Kan betalast med kort, 60 kr). Opningstidene for vegen heilt inn til Leirvassbu følgjer opningstidene for sommarsesongen.

Dersom du køyrer lenger inn i Leirdalen, har du brear og toppar tilgjengeleg på begge sider av vegen, så det er berre å leggje vekk hageredskapet, klistre fellene på skia, og kome seg til fjells!

Kartanbefaling:
10064 Lom

All info om toppturar i Jotunheimen finn du her: topptur.visitjotunheimen.no/

God vårskikøyring!

Foto: Timbr
... Sjå meirSjå mindre

 

Comment on Facebook

Anbefales

Kari Gulden Olstad når skal vi dra???😝

Henriette Ulving-Tufte ny tur? 🏔❤️

Beate Sem 😍

Jan Olav Løvdokken

Mats Stensby😀

Jonas Hultman

William Skotnes

+ View previous comments

3 dagar sidan

Visit Jotunheimen

Brøyting av Sognefjellsvegen er i gang. Eit spektakulært syn sett i fugleperpektiv!

Ettersom vi erfarer, opnar vegen fredag 27. april!youtube.com
... Sjå meirSjå mindre

Video image

 

Comment on Facebook

Truls Maarud vi får jobbe kjapt på hytta så vi rekker en topptur her!

Looking for new drivers?

Fantastisk😀👌

Iflg. SVV åpner FV 55 måndag 23.4 kl 12.00👍😎

Melissa Meuwszen, gaaf!

Ole M 🤪

Fredrik Liverfors

+ View previous comments

Load more