foto: Live Andrea Sulheim

foto: Live Andrea Sulheim

Prisar 2017
Grupper (minst 10 betalande):  kr. 55,- per person.
Enkeltbillett: kr. 70,-  
Barn: kr 30,- .
Barn under 15 år i følgje med vaksne er gratis. Guide og sjåfør for grupper er gratis. Vi tek imot vouchere, i tillegg har vi kortterminal.

Opningstider: http://www.lom.kommune.no/guiding-lom-stavkyrkje.4635430-142885.html

Kontaktinformasjon:
Telefon: +47 970 75 397 / +47 48 16 55 27
E-post: booking.lomstavechurch@lom.kommune.no

OMVISNING I STAVKYRKJA

Omvisning
Grupper som har bestilt på førehand får omvisning, andre så langt det er tid og høve til det. Vi prøver å rekruttera omvisarar med god språkunnskap og slik at vi kan tilby omvisning på fleire språk, men dette er til tider vanskeleg å få til. Omvisarane er lokale studentar/skuleelevar som har dette som sommarjobb. Dei arbeider i kyrkja ein til to sesongar, og vi må kvar sesong ta inn nye omvisarar som må lærast opp. Dette er grunnen til at vi til kvar tid ikkje kan omvisa på språket som er bestilt. Alternativt språk vil til vanleg vera engelsk.

Gudstenester og kyrkjelege handlingar
Det er att berre 28 stavkyrkjer frå mellomaldaren her i landet. Lom stavkyrkje er ei av desse. Vi gjer merksam på at kyrkja er hovudkyrkja i Lom, ikkje eit museum. Dette betyr at kyrkja blir stengt for gudstenester og kyrkjelege handlingar utan forvarsel.  Når det gjeld gravferder, vil vi kjenne dato/tidspunkt for desse 5-6 dagar i førevegen. Gravferdsdagar i Lom er tysdag og fredag, men gravferd kan også bli lagt til andre vekedagar. Vi tilrår at de tek kontakt med omvisarane 5-6 dagar innan besøket for å få stadfesta at kyrkja er open for omvising.
Tlf omvisarane i perioda 16.05 – 25.09 er 970 75 397.