Smak i Lom
Smak i Lom
  • I vår servering kan vi by på lokale tradisjonsrettar og drikke frå småskala bryggeri i Gudbrandsdalen og Sogn og fjordane. Våre rettar blir serverert med lokalprodusert tilbehør som rømme, syltetøy, saft og brød.  Du kan få servering inne i butikken eller ute på den flotte Prestfossen terasse.

    I tillegg til mykje snadder i butikkhyllene, serverer vi eit utval av varmrettar. Og ikkje minst mykje godt å drikke.  VELKOMEN!

    Kontakt
    Sognefjellsvegen 3, 2686 Lom
    Mobil: +47 993 08 070
    E-post: post@smakilom.no

    smakilom.no/servering/

Fossberg kafé
Fossberg kafé
  • Sommarstid er Lom sentrum kjent for sitt yrande folkeliv med uteservering og kveldsope. I tillegg til matservering i spisesal og kafeteria har vi om sommaren rikeleg med uteplass der du kan nyte mat og drikke i trivelege omgjevnader midt i sentrum av Lom. Vi kan tilby  middagsrettar for store og små, mindre måltid, supper og is. Mineralvatn, fatøl og iskrem. Våre hotellgjester kan hygge seg i vår romslige spisesal som er i deelt for servering av grupper. Bar i peisestova med aller rettar.

    Forbipasserende turbussar vel ofte serveringa her på grunn av stor kapasitet, hyggeleg atmosfære og god mat. Matservering tilpassa eige ynskje for kurs- og konferanse.

    www.fossberg.no/servering.htm

Jotunheimen Fjellhotell
Jotunheimen Fjellhotell
  • Etter ein lang dag i frisk fjelluft fortener ein ein bedre middag. Vi vil at måltidet skal vere ei oppleving og serverer ein herleg 3-retter kvar kveld kl. 20.00. Maten lagar vi frå botnen av, med ferske og lokale råvarer. Kelnaren anbefaler ein passande vin eller eit godt øl frå norske bryggeri til kvar rett.

    Velkomen til restauranten med god mat og vakker utsikt!

    jotunheimen-fjellstue.blogspot.no

Nordal kafeteria
Nordal kafeteria
  • Nordal Turistsenter ynskjer velkomen til ein hyggeleg kafeteria i Lom sentrum. Her serverer vi eit variert utval av kaker og kaffe, smørbrød eller middagsrettar.

    Spesialitetar

    Vi anbefaler også å prøve ein av våre spesialitetar; Bøverdalsbiff eller fisk frå elva Bøvra, som er vår næraste nabo.

    For barna

    Barna skal trivast, og vi tilbyr ein spennande barnemeny, med blant anna taco og pizza. Et så mykje du vil! Vi har også eit innhaldsrikt leikerom for dei små. Her er det ingen som ventar utålmodig på at dei vaksne skal avslutte middagen! Våre camping- og hotellgjester ynskjast også velkomen til ein rikhaldig frokostbuffet.

    Nyt finvêret !

    Du kan også nyte finvêret utandørs i vår idylliske hage med utsikt mot elva og Lom stavkyrkje. Her kan du også ta deg ein svingom enkelte sommarkvelder.

Brimi Sæter
Brimi Sæter
  • 4- retters skråpå-tå meny
    I tillegg til seterkafé kvar dag, serverer vi på Brimi sæter kvar kveld i setersesong, (17. juni – 14. august 2016) den 4- retters spesialmenyen vår, Skråpå-tå.

     Då set vi fram heimesmidde bordgrillar og byr deg på ei stemningsfull oppleving rundt langbordet på låven. Vi smeltar vår eigen sæterost, i tillegg til mange gode smakar frå eigne dyr. Historier frå setra og Tesseområdet, fortalt av Hans eller Marit høyrer med. Smakar frå dessertbordet og kaffe kan du nyte ute på setertunet når været tillet det. Eit sosialt måltid du vil minnast lenge, og ei spesiell oppleving som mange kjem att år etter år for.

    Det er og anledning for å overnatte i brisk på låven, rom i seterhus eller i lavo på tunet. Bordbestilling før kl 15.00 same dag. Felles bordsetting kl 18.30. (Det lønar seg å bestille i god tid, ca 40 plassar totalt pr kveld)

     Velkomne!

     Sæterbutikk og sæterkafé
    Vi har og open seterkafé – og butikk med eigne produkt og andre lokale produkt, kvar dag i sommarsesong frå kl 11.00 – 18.00. På menyen står blant anna nysteikte setervaflar med heimelaga tilbehør, ekte rømmegraut og spekemat.

    Prisar:
    Pris på 4- retters skråpå-tå meny, kr 600kr eks drikke.

    Køyretid frå Lom sentrum via setervegen frå Garmo: Ca 30 min (Bomveg, 50 kr)
    Køyretid frå Vågå sentrum ca 15 min via fylkesveg 51, Valdresflyveigen. Fylg skilting Brimiland.

     For meir info og forespørsel: 

    www.brimi-seter.no

Røisheim
Røisheim
  • På Røisheim hotell er kvart måltid ein fest. Kvar kveld serverer vi ein spennande tre- eller fire-retters middag av høg kvalitet til alle gjestene. Bruk av råvarer og smakar frå naturen sitt skattekammer er det naturlege utgangspunkt for det som blir servert hos oss. Vi ynskjer å tilby våre gjester god heimelaga mat basert på lokale råvarer og tradisjonar. Vi gjer alt vi kan for å ta vare på dei originale smakane i råvarene. Hjå oss vil du også få servert tradisjonell mat på ein litt utradisjonell måte.

Andvord gard
Andvord gard
  • Lom er kjent for sin lange og rike mattradisjon og har fostra nokre av landets fremste kokkar. Kokkane her på Andvord er ein del av denne tradisjonen. Vi stiller store krav til maten som blir servert, og vel fyrst og fremst lokale råvarer, noko det ikkje er mangel på her i regionen.

    5-retters signaturmeny:

    • Salat med lettrøykt andebryst, avokadokrem
    • Hummerkremsuppe med rista kamskjell
    • Kalve entrecote servert med rødvinssjysaus, sesongens grønnsaker og ovnsbakte mandelpoteter
    • Kvilerett – overrasking
    • Sjokolademoussekake med pasjonsfrukt-sorbet, friske frukter