foto: Kristoffer Mæle Thuestad
foto: Kristoffer Mæle Thuestad
IMG_9681

NORSK FJELLSENTER

I fjellmuseet på Norsk fjellsenter syner vi menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss. Her ser du mellom anna ei 1300 år gamal ski og rekonstruksjonen av Noreg sitt eldste klesplagg – den 1700 år gamle kjortelen frå Lendbreen.

I butikken har vi eit stort utval bøker om fjell og nasjonalparkar, historie og lokalhistorie og bøker for ungar. Her har vi også turkart, lokalt handverk, postkort, smykker og suvenirar.

Norsk fjellsenter er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Hjå oss får du turtips og informasjon om fjellområda rundt oss. Prøv kartbordet vårt og den interaktive informasjonen om nasjonalparkane i Noreg! Ved peisen kan du sette deg ned med ein kopp kaffe og bla i ei bok frå fjellbiblioteket. Velkomen til oss!

Opningstider: Medio mai-primo oktober. Ta gjerne kontakt med oss for å gjera avtale om besøk utanom opningstidene våre.

Kontaktinformasjon:
Telefon: +47 61 21 16 00
E-post: post@norskfjellsenter.no