NORGES HØGSTE OG NORGES LENGSTE


I Jotunheimen og Nordfjord finn vi nokre av Norges mest spektakulære toppturar. To av desse ligg kun tre timars køyretur frå kvarandre. Bli med på Norges høgaste fjell og Norges lengste motbakke!

Jotunheimen nasjonalpark er sjølve symbolet for tradisjonelt friluftsliv med fotturar, tinderangling, jakt og fiske. Dette er eit tureldorado godt tilrettelagt for både kortare dagsturar og fleirdagers hytte-til-hytte-vandring. Det er også her vi finn Norges høgaste fjell, Galdhøpiggen (2469 moh.).

Tre timars køyretur unna Galdhøpiggen ligg Stryn i Nordfjord, like ved Jostedalsbreen og rett ved fjorden. Her finn vi Norges lengste motbakke til toppen av Skåla, i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Det er også her Nord-Europas tøffaste motbakkeløp, Skåla Opp, vert arrangert.

«Norges høgaste og Norges lengste» er ypperlege å gjennomføre i løpet av nokre få dagar. Reiseruta og turforslaga passar for deg som ønskjer ein aktiv ferie med unike naturopplevingar.

Galdhøpiggen. foto: Visit Jotunheimen
Galdhøpiggen. foto: Visit Jotunheimen
Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
Galdhøpiggen. foto: Visit Jotunheimen
Galdhøpiggen. foto: Visit Jotunheimen

TIPS TIL «NORGES HØGSTE OG NORGES LENGSTE»

•    Rekn minst fire dagar og tre overnattingar på denne ruta
•    Legg inn ein kviledag mellom dei to toppturane
•    Pakk fjellsko, kle deg i fleire lag og ta med niste og drikke til turane

 

GALDHØPIGGEN – NORGES HØGSTE FJELL

Om du følger ruta frå Juvasshytta (1840 moh.), er det omlag 6 km og 600 høgdemeter til toppen. Turen opp vert ikkje rekna som spesielt krevjande, men ein må ta hensyn til at ein går i ur og må krysse Styggebreen. For å gå denne ruta er ein avhengig av kompetanse og utstyr for brevandring. Det anbefalast difor å bli med på ein guida tur der alt breutstyr er inkludert, turen tek omlag seks-sju timar totalt og har 7 års aldersgrense.

Ein kan også gå frå Spiterstulen, som ligg på 1100 moh. Vel du denne vegen, kan du gå til toppen utan å krysse bre, og dermed kan du gå turen på eiga hand. Denne ruta er lengre og litt meir krevjande, men ikkje teknisk vanskeleg. Rekn mellom sju til ni timar til toppen. Andre alternative ruter er via Svellnosbreen eller Eventyrisen som breen også blir kalla.

KORLEIS KOME HIT

Galdhøpiggen ligg i Lom kommune, eit knutepunkt mellom aust og vest, midt imellom Oslo, Bergen og Trondheim.

Juvasshytta: køyr FV 55 frå Lom sentrum (Fossbergom) og oppover Bøverdalen i retning Sogndal. Etter 18 km tek du av frå vegen og opp til venstre. Avkøyringa er skilta ”Juvasshytta”.

Spiterstulen ligg 33 km frå Lom sentrum (Fossbergom). Køyr omlag 14 km på FV 55 mot Sogndal og følg skiltinga til Spiterstulen og Jotunheimen før Røisheim.

I skuleferien er det dagleg bussamband mellom Lom (Fossbergom) og Juvasshytta / Spiterstulen.
Overnatting i Lom.

SKÅLA – NORGES LENGSTE MOTBAKKE

Toppturen til karakteristiske Skåla er ein spektakulær tur, og vert rekna for å vere Norges lengste motbakke, truleg også Norges høgaste fjell med foten i fjorden. Skåla ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark, på 1848 moh., og her finn du Norges mest spesielle turisthytte – eit rundt tårn frå 1891. Tårnet har ei køyeseng i tre-etasjar med til saman 22 sengeplassar, der det fortsatt er mulig å overnatte.

Turen startar frå Tjugen som ligg omlag 2 km frå Loen, i retning Lodalen. I starten av løypa vandrar du på traktorveg, som etterkvart går over i sti lenger oppe i skogen. Nokre stadar er stien hellelagt, og lenger oppe mot toppen finn du dei berømte steintrappene.

  • last-ned-3
    Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
  • last-ned-1
    Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
  • last-ned
    Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

KORLEIS KOME HIT

Loen er næraste stopp for offentlig transport, og det er godt bussamband frå Oslo og Bergen. Det går også lokalbuss frå Stryn fleire gonger om dagen. Om du køyrer eigen bil, ta av mot Lodalen og køyr omlag 2 km til du kjem til parkeringsplassen på Tjugen.
Overnatting i Loen og Nordfjord-regionen.

  • laeshoe_liveandreasulheim
    Merka turstigar i Lom. foto: Live Andrea Sulheim
  • last-ned-6
    foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
  • stavkyrkja
    Lom stavkyrkje. foto: Visit Jotunheimen
  • last-ned-5
    foto: Cole Rise/Fjord Norway

ANDRE OPPLEVINGAR


Bruk ein dag eller to til å gjere deg kjent med området og oppleve lokal kultur!

LOM

•    Ved foten av Galdhøpiggen ligg Klimapark 2469, som er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst.
•    Hjå Norsk fjellsenter kan du lære meir om nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. I 2015 opna hovudutstillinga «Over isen – funn fra isen viser veg», der ferdselen over fjellet og brearkeologien står sentralt. I 2018 opnar ei større og meir omfattande utstilling i samarbeid med utstillingsarkitekt Torbjørn Nielssen.
•    Ein av de største attraksjonane i Lom er Lom stavkyrkje, som også er ein av dei største stavkyrkjene i Norge. Kyrkja vart bygd på midten av 1100-tallet, og er fortsatt i bruk som hovudkyrkje i Lom. I sommarhalvåret er kyrkja open for omvisning.
•    For lokalmat, legg turen innom Smak i Lom. Her får du servert tradisjonsrettar og drikke frå småskala produsentar og bryggeri i Gudbrandsdalen og Sogn og Fjordane. Serveringa føregår inne i butikken eller ute på den flotte Prestfossen terrasse sommarstid.
•    Galdhøpiggen klatrepark består av åtte løyper. Her er det traversar og ei rekkje ulike utfordringar på opptil 12 meter over bakken. Parken egnar seg for dei aller fleste uansett alder.
•    Prestfosstraversen er spent opp under brua i Lom sentrum. Traversen går utover Prestfossen i elva Bøvra og er ei spektakulær, men overkommelig og morsom oppleving.
•    Fleire tips til aktive opplevingar i Lom finn du her.

STRYN

•    I Loen kan du klatre Via Ferrata Loen til Hoven, der du klatrar høgt over fjorden, med Jostedalsbreen Nasjonalpark i bakgrunnen. Her finn du også Europas lengste Via Ferrata-bru «Gjølmunnebrua» (120 m). På toppen av Hoven byggjer ein no pendelbane, som skal opne i mai 2017.
•    I Loen ligg den vakre Lodalen, med Kjenndalsbreen innerst i dalen. Lenger ned finn du Breng seter, som er kåra til «Best of Fjord Norway».
•    På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn kan du lære mer om nasjonalparken, isbreen og landskapet rundt. Her finn du også utstillingar, berøringsskjermar og parkområde, samt kafè med panoramautsikt over Oppstrynsvatnet.
•    Øvst i Oldedalen finn du den vakre og berømte Briksdalsbreen, ein annan del av Jostedalsbreen nasjonalpark. Frå 1200 moh. stuper det ville brefallet ned mellom brusande fossefall og høge fjelltoppar.
•    Fleire tips til aktive opplevingar i Nordfjord-regionen finn du her.