foto: Johan Wildhagen

foto: Johan Wildhagen

KLIMAPARK2469

Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde med fokus på klimahistorie, jakt og fangst. Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen, har vi tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar. I fonna Juvfonne, ved enden av gangvegen, har vi hakka ut ein tunnel i den 6 000 år gamle isen. Istunnelen er designa og ljossett av kunstnar og skulptør Peder Istad.

På turen gjennom klimaparken vil ein guide ta gruppa med inn i eit spennande landskap med opplevingar og læring, ei kjelde til kunnskap om historie, natur og klima.

Kontaktinformasjon:
Telefon: 61 21 16 00
E-post: post@klimapark2469.no