GØY TE GARDS

Ta turen til Lom og bu på ein levande, vakker gard i sommar!

Sjekk rett inn i ei aktiv gardsdrift og bu saman med kyr, hestar og høner i trygge omgjevnader. Trekk inn frisk fjelluft medan barna får køyre tråtraktor, hoppe på trampoline, leike med dyr og gå turar på skogsstiar og merka turløyper. Naturen og fjella rundt gardane er dessuten ypperlege for familievenlege dagsturar. Velkomne til ein draumesommar til gards!

Furuheim gard ligg i fredelege, familievenlege omgjevnader i Lia i Lom. Her kan du leige Gustavstugu som er eit tømrahus i to etasjar, sett opp i 1919 som bustad og atelier for kunstnaren Gustav Wentzel. Huset ligg på sjølve garden med ei rekke turmoglegheiter rett frå døra. Huset har særpreg og ei flott utsikt oppover mot Lomseggen og Bøverdalen.

Standard og fasilitetar: Huset er på 150m2 og har gjennomgåande høg standard med vannbåren varme. Det inneheld 3 soverom med 8 sengeplassar + barneseng, bad, stove og open kjøkenløysing. Sjølvhushald.

Turar og aktivitetar: På Furuheim kan ungane køyre tråtraktor, hoppe på trampoline og helse på kyr og høner i trygge omgjevnader. Ynskjer de å gå på tur finst det eit mangfald av stiar og tråkk i umiddelbar nærleik. Det er flotte skogsstiar rett utanfor døra og ti minutt til Liafjellet. Vertskapet er godt kjende i området og er behjelpelege med å gi tips til både 2000-meterstoppar og kortare turar.

Adkomst: Med bil: 9 km aust for Lom sentrum, eller buss til Lom sentrum og taxi til Furuheim.

  • SAMSUNG DIGIMAX 420
    Bading ved Liabrua. Foto: Hallvard Helland/Furuheim Gard
  • Storgrovtind-crop
    Storgrovtind. Foto: Hallvard Helland/Furuheim Gard
  • Regnboge 2013-crop
    Frå Solell mot Vågå. Foto: Hallvard Helland/Furuheim Gard
  • IMG_4122
    Liafjellet. Foto: Hallvard Helland/Furuheim Gard
  • Liafjellet juni 14-crop
    Liafjellet. Foto: Hallvard Helland/Furuheim Gard

Prisar:
01.05 – 30.09: 1700,- per døgn
Skuleferiar: 1700,- per døgn
Resten av året: 1400,- per døgn
Bestilling må vera minimum tre døgn

Sesong: Heile året.

Kontaktinformasjon
post@skogdrift.no
www.furuheimgard.no
Tlf. +47 95 04 70 31

Strind Gard ligg i fredelege, familievenlege ovgivnader 3 km frå Lom sentrum. Her kan du bo i erverdige gamle hus og boltre deg på eit stort uteareal, med stolar, bord og grill kor du kan oppleva fosseduren av bekken som renn forbi. Til vanleg er det sau og høner på garden heile sommaren.

Standard og fasilitetar: Hytte og leiligheit, sjølvhushald, ingen matservering. Fullt utstyrte kjøkken.

Tips til familivenlege turar frå Strind Gard: Ynskjer de å gå på tur kan vi bidra med hjelp til turplanlegging og det er merkte stigar og fine småturar i nærområdet.

Adkomst: Med bil: Ved fv 55 Sognefjellet, 3 km frå Lom sentrum, retning Sognefjellet. Buss med busshaldeplass i umiddelbar nærleik.

  • CIMG0095-crop
    Foto: Strind Gard.
  • CIMG0154-crop
    Foto: Strind Gard.
  • DSCN0907-crop
    Foto: Strind Gard.
  • P1000646-crop
    Foto: Strind Gard.
  • DSC_9767-crop
    Foto: Strind Gard.
  • P1000106x-crop
    Foto: Strind Gard.

Prisar:
Frå 400,- per einheit.

Sesong: Heile året.

Kontaktinformasjon
www.strind-gard.no
post@strind-gard.no
Tlf: +47 61 21 12 37
Mobil: +47 918 75 248

Storhaugen gard ligg ved foten av Galdhøpiggen, omkransa av mektig natur. Her kan du bu i hytte eller leiligheit i rolege omgjevnader, og oppleve gardslivet med lammene som går og beiter.

Garden ligg ved inngangen til Jotunheimen og er difor eit utmerka utgangspunkt for fjellturar, i tillegg til skogsturar i nærområdet.

Standard og fasilitetar: Sjølbetjente hytter og leiligheiter med høg standard. Alle hytter har komplett kjøkenutstyr med bestikk, kjeler, mikrobølgeovn, oppvaskmaskin og kjøleskap/fryser.

Turar og aktivitetar: Du har uendelege familievenlege turmoglegheitar frå døra og Galdhøpiggen og klatreparken ligg ikkje langt unna.

Adkomst: Med bil frå Lom: Kjøyr Fv. 55 mot Sogndal, 20 km, og fylg deretter skilting mot Galdhøpiggen 2 km, skilt mot Storhaugen. Kan hente ved avtale. Buss frå Galdesand som korresponderar med buss til og frå Lom sentrum.

  • storhaugen-crop
    Foto: Storhaugen Gard
  • OLYMPUS DIGITAL CAMERA
    Foto: Storhaugen Gard
  • storhaugrn-crop
    Foto: Storhaugen Gard

Prisar:
Frå 775,- (per døgn for inntil 3 pers)

Sesong: Frå mai til sist i oktober (avhengig av når Galdhøpiggen sommerskisenter stenger)

Kontaktinformasjon
info@storhaugengard.no 
www.storhaugengard.no
Tlf.: +47 911 08 942 / +47 472 92 720

Frå Jotunheimen og Bøverdalen ynskjer vi alle velkomne til overnatting på Galde Uppigard, 550 m.o.h. I gamle og nye hus kan vi tilby overnatting i fine naturomgjevnader og frisk luft. Her har du kort veg til Galdhøpiggen, Galdhøpiggen Sommerskisenter, jakt, fiske, andre fjellturar og rafting. I tillegg til overnatting på garden leiger vi også ut sætra på Raubergstulen. Dette er ein idyllisk og barnevennleg plass der du kan sjå kyr, sauer og hestar.

Standard og fasilitetar: I den nye delen av setra på Raubergstulen finn du stove, dusj, toalett, og eit godt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin. I den gamle delen opplever du sæteridyllen frå gamle dagar. Ellers har vi gardsmuseum, eige bibliotek, tørkerom, sanitæranlegg med to dusjer og toalett. Fri tilgang til trådlasut internett.

Turar og aktivitetar: På garden er det aktiv gardsdrift med kyr, kalvar og smådyr. Naturen og fjella rundt er ypperlege for fine dagsturar for både store og små. På Juvasshytta har dei føring på Galdhøpiggen, og fjell som Glittertind og Fanaråkern ligg i nærmiljøet. Vil du berre nyte fjellufta på kortare turar er det fleire merkede turløyper.

Adkomst: Lom sentrum 20 km, Skjolden/Sognefjorden 62 km, Bergen 352 km, Grotli 79 km, Geiranger 116 km, Stryn 146 km, Otta 81 km, Lillehammer 194 km, Oslo 379 km, Trondheim 326 km, Juvasshytta/Galdhøpiggen sommerskisenter 14 km, Spiterstulen 38 km. Sætra (Raubergstulen) ligg ved foten av Galdhøpiggen, første innkjøring frå vegen til Juvasshytta til venstre ved Raubergstultjønne. Det er om lag 5 km frå Uppigard Galde og opp til sætra.

  • 310bruk
    Foto: Galde Uppigard.
  • galde
    Foto: Galde Uppigard.
  • ugalde
    Foto: Galde Uppigard.

Prisar:
Ta kontakt for avtale om pris.

Sesong: Frå midt i mai til rundt 20. oktober.

Kontaktinformasjon
arne.galde@yahoo.no 
www.galde.no
Tlf. 61 21 20 43 / 932 91 738