Frå brearkeologiske funn av ski i heimlege fjell til hjortejakt med lokale skirennarar i Altai-fjella.

I foredraget «Jakta på røtene til skikøyring» tek vi her turen frå Lomseggen og Reinheimen og langt nord i Kina, til Altai-fjella. Her lever det framleis restar av ein kultur der jegerar jaktar med ski slik dei truleg har gjort i tusenvis av år. Noreg er skisporten si vogge, og ski er eit gammalt norsk namn, men vi må nok truleg austover for å finne å finne spora etter dei aller fyrste skirennarane.

Akkurat kvar dei fyrste skispora vart lagt i snøen får vi sjølvsagt aldri vite, den snøen har smelta for lengst, men ein jakttur med jegerane i Altai kan faktisk fortelja oss mykje om vår heimlege skihistorie.

Vi opnar dørene klokka 18.30
Inngang 100,- inkl. kaffe og biteti.

Velkomen!

www.norskfjellsenter.no