DEN KULINARISKE RUNDREISA

Jotunheimen og Nordfjord byr på rikhaldige mattradisjonar, spektakulære naturopplevingar og spanande lokalkultur. På få timar kan du oppleve innlandet og fjellheimen, kysten og storhavet. 

Området i Nordfjord og Jotunheimen har ein lang og stolt mattradisjon, med både landbruk og fiske. Langs fjorden og i fjellsidene beitar dyra omkransa av høge fjell, isbrear og fossefall. På gardane er det lang tradisjon i å lage pølse, ribbe og annan tradisjonsmat, og dei rikhaldige kakeborda frå området er godt kjent i heile Norge. I kystkommunane er fisk ein avgjerande ressurs og innbyggarane er stolte av den høge kvaliteten på det som vert servert.

Hjelledalen. foto: Helge Stibakke/Statens Vegvesen
Hjelledalen. foto: Helge Stibakke/Statens Vegvesen
Brimi Sæter. foto: Cathrine Dokken
Brimi Sæter. foto: Cathrine Dokken
  • sergey_bogomyako_fjordnorway
    foto: Sergey Bogomyako/Fjord Norway
  • trollbu_aabrekkga%cc%8ard
    Trollbu. foto: Aabrekk Gård
  • stavkyrkja
    Lom stavkyrkje. foto: Visit Jotunheimen
  • espen-mills_nordfjord_smak
    foto: Espen Mills/Nordfjord Smak
  • maciej_ducxynski_fjordnorway
    foto: Maciej Ducxynski/Fjord Norway
  • wildhagen_klimapark2469
    Klimapark 2469. foto: Johan Wildhagen/Coup

FRÅ FJELL TIL FJORD


Denne rundreisa vil ta deg frå fjell til fjord og hav, og vi vil vise deg det beste av lokal kultur og mat. Køyreruta går langs RV 15 og E39. Du kan starte kvar som helst undervegs, men vi har i dette forslaget teke utgongspunkt i Lom og Jotunheimen nasjonalpark. Vi anbefaler også at du køyrer dei to nasjonale turistvegane Gamle Strynefjellsvegen og Sognefjellsvegen. Bruk så lang tid du vil på turen. Det er koselige overnattingsstader langs heile ruta. 

LOM OG JOTUNHEIMEN

Lom
Første stopp på ruta er Brimi Sæter, ca. 25 km aust for Lom. Her har vertskapet realisert draumen om eit godt liv – med husdyr på tunet, overnatting, heimelaga mat, seterkafé og butikk, turar og roa i fjellet. Prøv gjerne spesialiteten «Skråpå-tå» som serverast kvar kveld i sesong.

I Flatmogrendi, i Lia, ein liten avstikkar på vegen frå Brimi Sæter til Lom finn du Haukdalen. Her kan du besøke Kitty Wentzels heim og skrivestove som blant anna inneheld ei unik samling av Gustav Wentzels måleri. Ring seinast kvelden før ankomst.

Lom nasjonalparklandsby er utgongspunktet for ei rekkje naturopplevingar i Jotunheimen nasjonalpark. Lom er også kjent for sitt trivelige sentrumsmiljø med ulike butikkar og ein gjennomført byggeskikk. Ikkje minst er Lom eit sentrum for lokale, norske mattradisjonar og kulturopplevingar.

Start gjerne med den trivelege rundturen Bergomsrunda. Dette er ein rundtur til fots og ein fin måte å få med seg alt som er verdt å sjå. Kart og skildringar av runda finn du her eller på turistinformasjonen i Lom sentrum (guiding på førespurnad).

Ein av dei største attraksjonane i Lom er Lom stavkyrkje, som ble bygd på midten av 1100-tallet og er ei av dei største av sitt slag i Norge. I sommarsesongen er kyrkja open for omvisning kvar dag.

Like ved kyrkja ligg Norsk Fjellsenter kor du kan lære om nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Her kan du også besøke Norsk fjellmuseum og sjå utstillinga «Over isen – funn frå isen viser veg» som består av brearkeologiske funn gjort i fjella dei siste åra. Ei anna unik utstilling det er verdt å få med seg er mineral- og smykkesteinsamlinga på Fossheim Steinsenter, som er den største i Norge. I museumsbutikken kan du få kjøpt smykker og bruksting i norsk stein.

Blir du svolten vil vi anbefale å ta ein tur til lokalmatbutikken Smak i Lom, der du kan få servert lokale tradisjonsrettar på den flotte uteserveringa like ved den buldrande Prestfossen. Like ved finn du også det viden kjente Bakeriet i Lom. Eit anna alternativ er Nordal turistsenter kor fisk frå naboelva og Bøverdalsbiff er to av spesialitetane. Ynskjer du ein sikkeleg festmiddag kan ærverdige Fossheim hotell vere plassen å besøke. Her kan du få servert opp til åtte rettar med sesongens beste råvarer.

Sognefjellsvegen
Frå Lom vil vi anbefale å ta ein avstikkar langs nasjonal turistveg Sognefjellsvegen i retning Luster. Dette er den høgaste fjellovergongen i Nord-Europa med toppunkt på 1430 moh. Langs vegen køyrer du tett på Jotunheimen nasjonalpark og vi kan love mange mektige inntrykk.

Etter 15 km langs vegen kjem du til den gamle skysstasjonen Røisheim hotell. Vertskapet på Røisheim vil at kvart måltid skal vere en fest, og kvar kveld vert det servert ein spanande tre- eller fire-retters middag med lokale råvarer. Nokre minutt unna ligg det tradisjonsrike Elveseter kunst og kulturhotell. Her finn du ei unik samling av kunstgjenstandar som skapar ein særegen atmosfære i hotellet sine fellesarealer, samt at kvar bygning og kvart rom har sitt utspring i norrøn mytologi.

Ta ein avstikkar mellom Røisheim og Elveseter og besøk Klimapark 2469. Med Juvasshytta som næraste nabo og utsikt til Galdhøpiggen får du gjennom guida turar unik kunnskap om klimahistorie, jakt og fangst. For mange er is-tunnelen hogd i 6000 år gamal is det store høgdepunktet.

Tilbake på Sognefjellsvegen på ca. 1000 moh. finn du Jotunheimen fjellstue. Her står maten i høgsetet og vertskapet vil at kvart måltid skal vere ei oppleving. Vel du å innta middagen her, får du med ei nydelig utsikt på kjøpet.

Fortset deretter så langt du vil over Sognefjellsvegen og bli overraska over kor annleis alt er når du snur og køyrer tilbake. Tilbake i Lom går ferda vidare via Skjåk mot Gamle Strynefjellsvegen.

foto: Røisheim
foto: Røisheim

NORDFJORD

Stryn
Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli og Videseter, og i løpet av den 27 kilometer lange køyreturen får du opplevinga av ei tid som er forbi.  Har du lyst på eit stopp, så kan det vakre trehotellet Hjelle Hotel og Gamlebutikken like ved vere verdt eit stopp. På Gamlebutikken kan du nyte Afternoon Tea med engelsk vri. Jostedalsbreen Nasjonalpark ligg i og rundt isbreen Jostedalsbreen. Stopp gjerne innom Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn, der du kan lære mer om nasjonalparken, isbreen og landskapet rundt. Med ny kunnskap om isbreen, så kan det vere flott å ta ein avstikkar til anten Lodalen eller Oldedalen. I Loen ligger den vakre Lodalen, med Kjenndalsbreen inst i dalen. Lenger ned ligg Breng seter, kåra til «Best of Fjord Norway». På Kjenndalstova kan du smake på nyfiska ørret eller den heilt spesielle hamburgeren som er ei hemmelig oppskrift av hjort og kje. Øverst i Oldedalen finn du den vakre og berømte Briksdalsbreen, ein annan del av Jostedalsbreen nasjonalpark. På returen kan du stikke innom Aabrekk Gard og smake på ein av dei lokale rettane eller heimebaksten som verkeleg er ekte handverk tufta på lokale tradisjonar. 

Ta ein pause i Stryn sentrum, ved Per Bolstad Plass ligg det hyggelege serveringsstader. Om lag 500 meter frå sentrum på veg mot Loen ligg ærverdige Visnes Hotel med kortreist mat på menyen.

Hornindal og Eid
Når du forlet Stryn og fortset vestover kjem du til Hornindal. Her ligg Anders Svor Museet som er dedikert til den kjende billedhoggaren Anders Svor (1864 – 1929). Like ved finn du Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet (514 meter djupt). First Hotel Raftevold kan by på lekre menyar, basert på ferske, lokale råvarer som du kan nyte med utsikt mot Hornindalsvatnet. Ta gjerne turen innom Minibakeriet på Nordfjordeid på vegen vidare. Minibakeriet vert drive av Leon Knapskog, som blant anna har vore kokk på Kongeskipet Norge, Det kongelige slott i Oslo og Michelin-restaurantar i California. På Eid finn du også restauranten på Nordfjord Hotell som kan by på ein kombinasjon av gode råvarer og kreative kokkar.

Selje
Øya Selja ligg kun 15 minuttar med båt frå Selje. Her finn du Selja Kloster, som truleg er Norges eldste kloster. I over tusen år har menneska reist for å oppleve Norge sin første pilegrimsstad, med unike kulturminner frå vikingtid og middelalder. Ta også turen til Hoddevika i Selje, der Stad Kystmat produserer mat til alle som ser verdien av å nyte naturen på naturen sine premiss.

Vågsøy
I Måløy kjem det snart eit nytt museum: Måløyraidsenteret, som vil vise til unikt historisk materiale frå familien til den legendariske motstandshelten Martin Linge. Vågsøy er ei av landet sine største fiskerikommunar, og her kan du få fersk sjømat på tallerkenen anten det er i form av fersk, dampa fisk, servert på tradisjonelt vis, som sushi eller krabberetter. Rett ved sjøkanten finn de Vågsberget handelsstad, dette er ein restaurert handels- og gjestgjevarstad frå 1636. Denne er sommarope med kafe, kunstutstilling og høve til omvisning. Vil de verkeleg kjenne på veret, kan de ta turen til Kråkenes Fyr. Dette fyret ligg på den nordlegaste og mest verharde staden i Vågsøy. 

Gloppen
Når du kjem til Gloppen i Sandane, kan du ta turen til Nordfjord Folkemuseum. Her får du eit innblikk i regionen si historie. Museet har 44 antikvariske hus og dei fleste er frå 1700- og 1800-talet. Museumsfartyet Holvikejekta som er bygt i 1881, er utstilt ved fjorden like utanfor Sandane sentrum. Jekta er den einaste av sitt slag i Norge. Smak gourmetmat på Gloppen Hotell, der alle råvarene har sitt opphav innan ein radius på 3 km frå hotellet. På Byrkjelo bør du ta turen innom Bakar Jon, der du kan kjøpe med deg spanande produkt frå over 80 ulike lokalmat-leverandørar.

OM REISERUTA
Start med ein dag eller to i Lom og langs Sognefjellsvegen og fortset deretter langs Gamle Strynefjellsvegen til Hjelle, Oppstryn, Stryn og Kjøs. Ta en avstikkar til Hornindal. Kjør så tilbake til Kjøs, og dra så vidare til Nordfjordeid, Bryggja, Åheim og Selje. På returen tilbake frå Selje legg du vegen om Flatraket og Måløy. På vegen tilbake frå kysten følg skilta til Nordfjordeid i Eid kommune. Ta ferja frå Lote til Anda (10 minuttar) til Gloppen. Kjør då vidare til Sandane, Byrkjelo, Utvik, Innvik, Olden og Loen, og vegen går igjen tilbake via Stryn, Oppstryn og Strynefjellet og tilbake til Lom. 

Bruk så lang tid du vil på turen. Det er koselige overnattingsstadar langs heile ruta, både i Lom og i Nordfjord-regionen

Beste tid å reise 
Mai – september (Merk at Gamle Strynefjellsvegen og Sognefjellsvegen er vinterstengt)
Anbefalt tidsbruk: 5 dagar med 4 overnattingar undervegs

Smak i Lom. foto: Visit Jotunheimen
Smak i Lom. foto: Visit Jotunheimen
Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
Skåla. foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway