Bading og badstue

Fossberg hotell
Fossberg hotell
  • Svømmeavdelinga omfattar svømmebasseng med djubde frå 1 til 1,90 meter med moglegheit til motstraum på den djupaste delen. Barnebassenget har ein liten foss og passer svært godt til dei aller minste. Boblebadet har ekstra varmt vatn og plass til 8 vaksne. For å starte boblebadet treng du ein eigen polett som du kjøper i resepsjonen (kr. 20 for 15 min.). Bassengkanten er godt utstyrt med bord, stolar og liggjestolar. Barn under 15 år må ha med seg vaksne i bassenget. To badstuer finn du med tilknytning  til  garderobene. Badstua blir slått på når du ynskjer det. Gje beskjed i resepsjonen. Ope for alle. 

Spiterstulen
Spiterstulen
  • I hovudhuset på Spiterstulen har vi svømmebasseng på 5×10 meter, med badstue i kvar garderobe. Tilbodet er i utgangspunktet kun for buande gjester.

    Tlf: +47 61 21 94 00
    E-post: post@spiterstulen.no